S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 28. mai 2009

Den mangfaldige scenen på DNT


Publisert
28. mai 2009
Sist endret
25. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/den-mangfaldige-scenen-pa-dnt/
Facebook

Det Norske Teatret og Noregs ungdomslag har tatt initiativ til “Den mangfaldige scenen”, eit nytt norsk barne- og ungdomsteater i Oslo. Dei første framsyningane er i Oslo 3. og 4. juni.

Om ”Den mangfaldige scenen”

For snart 100 år sida skapte ei gruppe kunstnarar og ungdom knytte til Noregs Ungdomslag (NU) og Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) historie; dei etablerte Det Norske Teatret, og la grunnen for kunst- og kulturmøte i heile landet. Målet var å ta vare på og utvikle det språklege og kulturelle mangfaldet som regionane i Noreg stod for.

I 2009 står Oslo og Noreg overfor ei stor utfordring: I dag er det få scenetilbod som når fram til barn og ungdom med ein breiare kulturell bakgrunn enn norsk. Barne- og ungdomsteaterskulane rekrutterer nesten berre frå norske etniske miljø. Dei profesjonelle teaterskulane og -scenen har ikkje ein underskog å rekruttere frå, og mange minoritetar er sjeldan eller aldri å sjå blant publikum på profesjonelle scener. Dette gjer at barn og unge med ulik etnisk bakgrunn får ulike moglegheiter. Store kunstnarlege og menneskelege ressursar står uforløyste. Erfaringar viser at Noreg og Oslo på dette området ligg vesentleg etter t.d. England og Danmark. Desse har i fleire år hatt tilsvarande tilbod finansiert av Kulturdepartementet, Inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Bondeungdomslaget i Oslo, Noregs Ungdomslag har i samarbeid med Det Norske Teatret tatt initiativ til ”Den mangfaldige scenen – eit nytt norsk barne- og ungdomsteater”. Målet er å lage eit scenekunsttilbod

– der unge får ta i bruk og utvikle sine skapande evner

– som får fram nye kultur- og kunstuttrykk

– som gir plattform for framtidas kunstnarar og kulturarbeidarar

– som får nye grupper inn i teateret og som er med på å skape forståing og samarbeid mellom ulike kulturar

Utviklinga av tilbodet skjer gjennom ein prøveperiode på 2 år og ved eit samarbeid mellom 150 barn og unge, 20 kunstnarar og ei rekkje organisasjonar. Våren 2009 har seks grupper vore i arbeid. Prøveperioden skal avsluttast i 2010 og gi ei tilråding om innhald, organisering og finansiering av eit fast tilbod.

Språkleg identitet

Prosjektet har som hovudsatsing å rekruttere unge i alderen 6-27 år frå alle kulturelle miljø. Det skal få fram historier med utgangspunkt i ressursar, uttrykk og interesser medlemene har med seg. Teatret vil leggje vekt på fysiske, visuelle og musikalske uttrykk. Teatret skal vere ein arena for læring, meistring av språk og innsikt i litteratur og dramatikk. Vi er opptekne av språkleg identitet, at det å uttrykkje seg er å vere. Ulike kulturars språk, nynorsk, dialektar, sosiolektar og nye språkformer som oppstår i møte mellom folk skal løftast fram. Sentralt står leik, kreativitet og fellesskap. I 2009 forskar vi særleg på nye historier i møte med kulturarvar, rørsle, dans, bruk av objekt og formidlingskunst.

Prosjektet er det største i sitt slag i Noreg. Hovudsetet er i Oslo, men prosjektet vil vere inspirator for andre delar av landet. Ved behandlinga av scenekunstmeldinga no i vår blei Den mangfaldige scenen omtala som eit av dei mest interessante prosjekta i kulturelt mangfaldsåret.

Den mangfaldige scenen skal ha framsyningar:

  • 3. juni kl. 20.00: ”Alle har augo”. Ei framsyning av og med 18 ungdomar (Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8)
  • 4. juni kl. 17.00: ”Sirkus Nesegørr” der 65 barn dansar og fortel (Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8)
  • 3. juli kl. 19.30: Kunstnarisk opning av Bislett Games 2009. 50 barn og 20 ungdom i samarbeid med mellom anna ”Frikar” (Bislett stadion).

Prosjektet er støtta av mellom anna Norsk kulturråd, Framfylkingen LOs barne- og familieorganisasjon, Oslo kommune, Landsrådet for Noregs barne- og familieorganisasjonar.

I prosjektleiinga sit Liv Hege Skagestad, Shanti Brahmachari, Morten Krogh, Camara Lundestad Joof, Henriette Olavsdatter Vold (leiar ungdomsgruppa) og Trine Merete Sjølyst (leiar barna). I styringsgruppa for prosjektet er Lars Erik Holter (DNT), Roy Sævik (BUL) og Eli Ulvestad (NU).


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no