Foto: Lars Halvor Andreassen. Lys og video: Thomas Gallagher. Veggmaleri/maske/scenografi: Frida Vige Helle Scenografi/snekring: Thomas Gallagher, Ronja Kløver, William Greni Arnø, Torkel Ruud, Vilde Johannessen, Tobias Lehrskov-Schmidt, Emilie Tverbak

Den hjartevarme trikken

Nordpolen har alltid vore eit magisk sted, men med den hjartevarme produksjonen til Feil Teater blir magien ytterlegare forsterka.

Kulda, som ligg på -6 grader, hjelp til med å auke kjensla av å vente på ein ekte tri- Nei, la meg omformulere meg sjølv; av kjensla av å vente på ein trikk som ikkje evnar å reise til Nordpolen og verdsrommet. Trikken eg skal ta er nemlig ikkje heilt vanleg og skal ta meg med på ein eventyrleg reise. Denstartar i Grefsenveien og køyrer også vidare til Korallrev, Lille Hageby og Postkontoret.

Eg blir møtt i døra av Sørensen, ein mekanikar som har arbeida på linja i mange år. Det var ein meget populær reise, då ryktet var at eit besøk til Nordpolen gjorde det mogleg å få eit ynskje oppfylt. Etter å ha høyrd historia om linja som blei lagt ned og som no har starta opp att i all løyndom, blir eg sitjande aleine på venterommet. Over intercom blir eg informert om problemer på nokre av dei (mange) andre linjene. Ein ting eg vanlegvis ikkje gjer når eg høyrer slike beskjedar, er å sitje og humre for meg sjølv, men det gjer eg altså no i dette venterommet.

Alle om bord!
På reisa har eg på meg hovudtelefonar som spelar musikk. Gjennom desse får vi instruks om å halde armar og bein inne i trikken, som er ein super kreasjon på hjul som rommar fem personar. Men hovudtelefonane har også ein annan magisk funksjon; dei lar oss høyre dei fantastiske tankane born i diverse aldre har gjort seg om jul, juleynskje og julenissen. Medan vi køyrer forbi Korallrev, får vi blant anna høyre at eit born sitt ynskje til jul er ein stein som gjer alle land rike. Korallrev er ein trikkestopp under vatn, og som fyste møte håpar eg inderleg på ikkje å sjå skuggen av ein hai langt uti det blå. Eg blir heller møtt av nydelege kulissar, ein neonlaga havfrue og spanande musikk.

Ved Lille Hageby møter vi på bestemor Alma medan borna på øyret kjem med tankar om korleis dei trur jula såg ut for 100 år sidan. Alma står med ryggen til trikken i starten, og vi får snart sjå eit mystisk ansikt med ein stor nase. Etter Korallrev, byggjar Alma opp den mystiske atmosfæren, og eg kjenner at eg har veldig lyst å snu meg for å sjå om det er nokon bak meg (som det er, då trikken blir elegant forflytta av medverkande i produksjonen).

Men det er ikkje berre observasjon i verket, publikum får delta aktivt. Ved Postkontoret får eg beskjed om at eg må gå ut av trikken og ta telefonen. Det er mange slike interaktive augneblink, det er så vidt eg rekk å skrive ned notatar om kva eg vil fortelje om før eit like magisk augneblink dukkar opp!

Ein magisk reise
Gjennom heile reisa er den vakre scenografien med på å byggje opp magien. Bruken av neonmaling, plantar og lys er tillaga på eit upåklageleg vis, og med lyden frå hovudtelefonane er det ikkje mykje som kan distrahere frå opplevinga. I laupet av verket er det kun to av skodespelarane som snakkar direkte til publikum, så koordinasjonen mellom lyden på øyra og aktørane — og då spesielt med ei scene ved trikkestopp Syden i minnet — er herleg gjennomført, og skuldrane mine ristar godt når trikken beveg seg vidare frå dette stoppet.

Den magiske reisa kulminerer på Nordpolen, eit lyst og flott rom som er ein del rolegare enn dei andre stoppestadane. Eg har nådd staden som kanskje kan oppfylle eit ynskje. Eit ynskje publikum kan skrive ned på papir og henge opp på veggane dekt av kvitt stoff eller på treet plassert midt i rommet. Eg får sett nokre av dei andre ynskja som born har skrevet, samt vaksne, og det er herleg å sjå kor mange av ynskja som handlar om nestekjærleik. Men det er dette jula handlar om, og det er dette trikketuren har vist på alle stadane eg har fått vere så utruleg heldig å få lov å besøke.

For store og små
Framsyninga er mynta på born frå fem år, men det leikne og humoristiske kombinert med dei hjartevarme tankane til borna gjer at eg trygt kan seie at dei vaksne får nok å bryne seg på. Spenninga som starta allereie ved Korallrevet bær publikum heile vegen til Nordpolen og pakkar meg inn i eit varmt omfang av juleynskjer.

Då eg forlot verket gjennom ei dør rett ut til Grefsenveien og den ikkje-magiske 11-trikken var eg rørt av alle ord borna hadde sagt, men det gjekk opp for meg at eg også kjende på ein grusom kunnskap om at born mistar denne magiske tankegongen med åra. Eg tenkjer på ungen som sa at dei skulle ynskje alle land blei til eitt land, så alle passa på kvarandre. 11-trikken går til Nordpolen var verkeleg eit magisk juleeventyr.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER