S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 23. januar 2019

Dei usynlege blant oss

Alt det lyse og alt det mørke. Kostyme og scenografi: Dordi Strøm. Lysdesign: Krystian Myska. Foto: David Zadig


Publisert
23. januar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Sogn og Fjordane teater: Alt det lyse og alt det mørke av Brynjulf Jung Tjønn

Dramatisering og regi: Miriam Prestøy Lie. Kostyme og scenografi: Dordi Strøm. Lysdesign: Krystian Myska.

Medverkande: Reidun Melvær Berge, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Joakim Thrane og Selma Stang.

Premiere 18. januar 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/dei-usynlege-blant-oss/
Facebook

– Alt det gode i meg finst på grunn av deg, seier pappa til Vibeke. Men han seier også: Kvifor kan ikkje du vere som andre ungar?

Vibeke er ikkje heilt som andre ungar, men det er ikkje pappa heller. Eller sagt på ein annan måte, det finst mange Vibeker og slike pappaer, det er berre ikkje så lett å få auge på dei. Nokon vil kalle dei sensitive. Andre vil seie at dei er øydelagde, noko gjekk sund ein gong bak i slektsledda, noko som har gått i arv, noko som er uråd å reparere. Men dei fleste seier ingenting, snur seg bort og bryr seg ikkje.

Den lyse og den mørke pappaen Alt det lyse og alt det mørke byggjer på romanen med same namn av Brynjulf Jung Tjønn. Boka vart karakterisert som lågmæl i VG, men på scena er historia også høglydt, det må den vere, for det kokar i vesle Vibeke, og det bråkar når pappa kjem full heim. Vibeke er så sitrande av kjensler at dei spreier seg til publikum, ikkje berre følgjer vi ho inn i skuggane, vi ER den vesle jenta, ho som er annleis, ho som er som oss, ho som prøver å gjere seg så lita og vere så stor ho må for å halde den skjøre, vesle familien i hop. Einsemda og ansvaret ho opplever saman med pappaen står i skarp kontrast til dei vakre stundene ute i skogen før skuggane kjem luskande att.

Vibeke tørkar spy, får pappa til sengs, tømmer ølflaskene, glattar over, tek ansvar, slik ein har lese så mange historier om når det gjeld barn som opplever omsorgssvikt. Det er hjarteskjerande. Kjærleiken mellom far og dotter er sterk, til tider reint magisk. Dei har kvarandre, og det er alt dei har.

Pappa drøymer om å byggje eit slott til dei, Vibeke seier ho vil nøye seg med eit lite, rosa rom. Dei krev så lite, desse barna som opplever svik, at heimen ikkje er ei slik trygg hamn den bør vere. Det betyr ikkje at alt er vondt, faren gjev ho kjærleik, faren gjer så godt han kan.

Men så går han på ein smell under bygginga av den nye kyrkja i bygda, og etter ei fyllekule forsvinn han brått, så langt inn i skuggane at han aldri kjem attende.

Tante frå helvete Tante Liv Anette – berre namnet får meg av ein eller annan grunn til å grøsse. Ho er enda verre enn eg først såg føre meg, arketypen av ei barnlaus tante som slett ikkje fattar noko av kva ein tolvåring treng. Likevel er ho ikkje vond, berre så steinhard og hjelpelaus når ho må ta over omsorga for niesa. Det er vondt og det er komisk. Idun Losnegård får fram låtten i ei elles alvorstynga historie, og skapar den balansen forteljinga treng for ikkje å bli for mørk. Ho er kosteleg, ho er heilt jævlig, men etter kvart får ein medkjensle for ho og. Nok eit menneskje som ikkje har hatt den barndomen alle skulle hatt.

Den evig røykande, krevjande tanta er den første som bakar bursdagskake til Vibeke. Igjen desse små dryppa som fortel om ein annleis barndom full av hol og mørke skuggar. Skal du ikkje invitere nokre vener på bursdagen din? spør tante etter å ha lært Vibeke at ho må blåse ut alle dei tolv lysa. Men Vibeke vil ikkje det. Sist ho inviterte til bursdagsselskap, kom det ingen. Tante tek med seg Vibeke frå den mørke skogen til garden sin ved havet. Her er det så lyst, tykkjer Vibeke. Ingen mørke skuggar å gøyme seg i. Men heller ingen mørke krefter å gøyme seg for.

Primalskriket Aller størst inntrykk gjer Reidun Melvær Berge i rolla som Vibeke, frå lita jenta til vaksen kvinne. Ein trur slik på ho at ein til tider gløymer at ein sit i ein teatersal. Det tause ropet om hjelp i det ho rømmer ut i skogen, inn i skuggane, som er både trygge og skremmande på same tid. Glimt av tindrande lykke ved det lyse havet saman med klassekameraten Albert. Primalskriket når ho sjølv vert mor, herre gud som mine eigne fødslar renn meg i hu. Ja, så vondt var det. Men for Vibeke kjem ikkje lykka etterpå. Alt er berre vondt.

Korleis skal ho vite noko om å ta seg av eit barn? Med ei mor ho ikkje hugsar, og som ifølgje tanta var som ein båt ved kai, ein båt som sleit seg og dreiv av garde ved første vindrosse. Med ein far som forsvann då livet vart for vanskeleg, kor vart det av han? Vibeke ventar og ventar. Men han kjem aldri att. Mot slutten kjem Hildegunn, dottera til Vibeke, på besøk til mor si. Ho er gravid. Det vert enda eit vanskeleg møte. Det er lenge sia dei har sett kvarandre, Hildegunn fekk ikkje vokse opp hos mora. Ikkje ho heller.

Det er då ein lurer på om alt det lyse Vibeke hugsar frå barndomen kanskje berre var draumar. Men berre kanskje. Hildegunn har vokse opp hos andre. Korleis vil ho takle å bli mor? Vil ho klare å bryte mønsteret?

Nyskapande Scenebiletet til Dordi Strøm er både fullt og enkelt, men langt frå minimalistisk, sjølv om både huset Vibeke og pappa bur i og kyrkja pappa byggjer er i miniatyr. Handlinga sklir naturleg mellom kjøkenbordet, det vesle huset, rammeverket til ei kyrkja med høvelbenken, klessnora og det transparente sceneteppe der vi skimtar musikar og songar Selma Stang. Slik vi skimtar musikken som heile tida ligg som eit bakteppe og forsterkar handlinga meir enn ein tenkjer der og då. For musikken set heile tida stemning med si leikande blanding av elektronisk, folkemusikk og salmar. Ofte umerkeleg, du gløymer den fordi merksemda heile tida er spikra til det du ser og høyrer frå scena. Men brått er ho der, Selma med hjortegeviret, der mellom trea i skogen, med den såre, klangfulle røysta si. Det slår meg at dette stykket fyller alle sansar. Lukta av trespon og sigarettrøyk. Håret som reiser seg på ryggen og den salte tåra som pressar seg fram.

Her er ingen daudpunkt, regissør Miriam Prestøy Lie har levert eit solid og på same tid nyskapande handverk og handterer den vanskelege balansekunsten mellom humor og sorg, liding og lått, på ein framifrå måte.

– Det beste med ein draum er at den alltid tek slutt, seier Vibeke. Det er ein vond slutt.

Om Hildegunn klarer å bryte den vonde sirkelen får vi aldri vite.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no