S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 24. januar 2014

Debatt må baserast på fakta

Erik Ulfsby. Foto: dittoslo.no


Publisert
24. januar 2014
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/debatt-ma-baserast-pa-fakta/
Facebook

INNLEGG: – Norsk teater har vorte mindre kommersielt dei seinare åra, ikkje meir, skriv teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret i dette svaret til KHIO-professor Hans Henriksens innlegg 7. januar. Mellom anna viser han til billettprisar som ikkje har auka om ein korrigerer for løn- og prisvekst.

Professor ved Kunsthøgskolen i Oslo, Hans Henriksen, har kome med ei rad påstandar om tilhøva i norsk teater dei seinare åra.

I kommentarfeltet til Erik Honoré sitt innlegg "Kilden – en epilog" på Scenekunst.no (18/12-2013) beklagar Henriksen seg over ”at ingen blant de som sitter i posisjon vil inn i denne debatten”. Eg veit ikkje kor mange gonger ein må delta i debatt før Henriksen synest at ein deltek, men eg meiner bestemd at eg har debattert med Henriksen nokså ofte dei seinare åra. Etter kvart kjennest det likevel litt meiningslaust å delta i ein diskusjon der føresetnadene ikkje er sanne. Eg skal likevel kommentere nokre av gjengangarane – igjen.

Ein hovudpåstand frå Henriksen er at det har skjedd ei kommersialisering av teatra dei siste åra. «Teatrene blir i større og større grad avhengig av billettinntekter, og programmerer etter det». (Klassekampen 10/12-2013) Viss det var slik at vi opplevde ei stadig kommersialisering, skulle ein tru at talet på oppsetjingar gjekk ned, at ein fekk eit dårlegare tilbod til publikum og at det blei færre kunstnarlege oppgåver. Kort sagt meir einsretting. Men det er ikkje slik. Tvert i mot. Utviklinga er altså stikk motsett av det Henriksen påstår.

Nokre raske døme frå den nære historia:

I 1988 hadde Det Norske Teatret 11 nye oppsetjingar. I 2013 hadde vi 21. På nittitalet var gjennomsnittstalet på premierar 12. Det Norske Teatret har altså langt på veg dobla dette talet. Dette skuldast vekst i tilskota, og at vi sjølv har prioritert slik. Dette gjev oss fridom til å eksperimentere i form og innhald. Dette gjer det vidare mogleg å vere modigare og utfordre oss sjølve og publikum. Og dette er ikkje noko som berre gjeld oss. Sjølv om dei ulike teatra prioriterer ulikt, nokon vil kanskje nytte større ressursar på einskildproduksjonar enn på premieretalet, er tendensen den same i heile landet. Vi lagar fleire oppsetjingar, ikkje færre.

Ein kan sjølvsagt likevel kritisere teatra for at repertoaret er for populært eller for kommersielt. Det er legitimt. Det som ikkje er legitimt, er å påstå at det er ei utvikling som går mot stadig meir kommersialisering. For utviklinga har gått motsett veg. Den utviklinga Henriksen snakkar om, skjer i andre land enn Noreg. Noreg har vore eit annleisland i kulturpolitikken.

Difor har norsk teater vorte mindre kommersielt dei seinare åra, ikkje meir. ”Jeg vet ingen by i verden som i så stor grad programmerer med disse lisensierte titlene som hovedstaden”. (Henriksen i innlegget "Hur brett har ni hoppat" på Scenekunst.no 7.1.14) Vel, berre i fjor spelte Stockholm Stadsteater Next to Normal, West Side Story og Sweeney Todd. Svenska Teatern i Helsingfors spelar store musikalar heile tida, det same gjer byteatret Helsingin Kaupunginteatteri og nasjonaloperaen. Operetter av det lettare slaget er ein stor del av mange tyske teaters økonomi. Det trur eg Hans Henriksen godt veit.

Ein annan påstand frå Henriksen gjeld det såkalla eigeninntektskravet. Dette kravet finst ikkje. Heilt sidan rammetilskotsordninga blei innført i 1990, har teatra hatt fridom til å nytte tilskotet som dei vil. Det kan visst ikkje seiast for ofte: Teatra budsjetterer sjølv. Eigeninntekta varierer difor frå år til år. Og det er ikkje slik at vi får eit stadig større krav til eigne inntekter. I 1988 spelte Det Norske Teatret t.d. Les Miserables heile året. Då hadde teatret ei eigeninntekt på meir enn 41,3 %. (Heile 39 mill i 1988 kroner, 67,6 mill i 2013 kroner). Det var nok eit spesielt år. Einig i det. Så derfor andre døme: I 1993 utgjorde eigeninntekta ca 24%, i 1996 20%. I fjor utgjorde ho 20,3%.

Det er heller ikkje slik at det er nokon automatisk samanheng mellom billettinntekter og det økonomiske resultatet. I 2011 hadde Det Norske Teatret t.d. ca 27 millionar i billettinntekt og fekk eit overskot på meir enn 7,2 millionar kroner. I 2012 var billettinntektene oppe i meir enn 41 millionar, og resultatet var «berre» 2,5 millionar kroner. Poenget er at vi budsjetterer både inntekter og kostnader. Krav til inntekt er noko vi legg på oss sjølv. Ingen andre stiller slike krav.

Eg vil likevel innrømme at eg synst det er fint med billettinntekter. Både fordi det tyder på at det er folk i salane våre, og fordi det gjer det mogleg for oss å skape endå meir teater. Det gjer det mogleg at fleire skodespelarar, regissørar, musikarar, scenografar og dansarar får arbeid. Det er ein grei sak å meine at eigeninntekta skal vere låg, og det er også lov å meine at eigeninntekta skal vere lågast mogleg.

Men kostnaden er at færre av Henriksens studentar får noko å gjere. Og det er sjølvsagt lov å meine det. Det er derimot ikkje greitt å påstå at vi blir «meir og meir avhengig av billettinntektene». Vi blir ikkje det. Det blir vi først dersom nokon gir seg til å kutte i løyvingane våre. Då vil vi bli meir avhengig av billettinntektene.

På scenekunst.no 7/1-2014 fortsetter Henriksen: «Den største endringen som er skjedd ved teaterinstitusjonene i Norge de siste tiårene, er prisingen av billettene. Særlig de mest populære titlene er blitt vesentlig dyrere enn for 30 – 40 år siden». Javel? Vi tok ein liten titt på vår eiga historie: Gjennomsnittleg billettpris på Les Miserables i 1988 var ca 220 kroner. (1988-kroner). Gjennomsnittsprisen på fjorårets musikal Shockheaded Peter er ca 230 kroner.(2013-kroner). Altså vesentleg billigare justert for prisstigning. Om ein heller vil samanlikne med Evita frå 2012, så var gjennomsnittspris der ca 388 kroner. Det er temmeleg nøyaktig det same som på Les Miserables, om ein justerer etter konsumprisindeksen som ifølgje SSB har vore 74,5% i perioden 1988-2013.

Mykje har skjedd, mykje skjer, og mykje kjem til å skje i norsk teater. Berre dei siste åra har teatret vore i kraftig endring. Det går mot eit meir mangfaldig teater, mot eit meir fleksibelt teater, og mot færre faste kunstnarlege stillingar. På Det Norske Teatret har vi på få år etablert ei eiga utdanning og eit stort barneteater for hundrevis av barn med bakgrunn frå heile verda, vi har auka produksjonen kraftig, etablert Scene 3, styrka den kunstnarlege staben, dobla dramaturgiatet og lagt om til repertoardrift. Dette er store grep. Men vi skal sjølvsagt gjere meir, og eg vil meir enn gjerne delta i ein debatt om kva vi gjer og ikkje gjer.

Men vi har eit teater fordi vi har ei teaterhistorie. Det går ikkje an å finne opp ei anna historie slik Henriksen stadig gjer. Historia syner at vi er mindre avhengig av billettinntekter enn før. Skal vi ha ein interessant teaterdebatt, må den basere seg på fakta og røyndomen. Ikkje på at vi spelar mindre når vi spelar meir, ikkje på at det er blitt mykje dyrare når det ikkje er tilfellet, og ikkje på at vi er det einaste landet som har offentlege teater med eit breitt og samansett repertoar.

.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no