S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Terje Lyngstad – 7. desember 2011

Då fattigdomen redda sjela mi

Terje Lyngstad er teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.


Publisert
7. desember 2011
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/da-fattigdomen-redda-sjela-mi-2/
Facebook

– Trur vi verkeleg at skuleteater vil føre til at dei som er unge i dag vil strøyme til teatra som vaksne, eller kan det i verste fall skremme dei vekk ein gong for alle?

Sist søndag las eg Levi Henriksens tekst ”Da læreren drepte Tarjei Vesaas” i Aftenposten. Han fortel om korleis læraren tok livet av leselysta til elevane. Dei måtte lese bøker dei ikkje forstod, og dei måtte analysere tekstane i hel. Du skal ikkje kunne mykje om den norske skulen for å forstå at dei bøkene elevane i følgje Henriksen burde lese – som Hardy-gutane og Den løyndomsfulle øya – neppe vil finne vegen inn i norskpensum med det første.

Henriksens tekst fekk meg til å tenke på innleiinga til statssekretæren i Kulturdepartementet, Lubna Jaffery, under ein konferanse i regi av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i sommar. Mellom mykje anna sa Jaffery at ho var 20 år gamal første gongen ho var på teater. Årsaka til at ho var 20 år før det skjedde, tilskreiv ho det faktum at ho har pakistanske foreldre, og eg tolka det slik at pakistanske foreldre ikkje er glade i teater.

Årsaka til at eg tenkte på uttalen til Jaffery då eg las Henriksens tekst, var at eg forstod det slik at ho meinte det er i seinaste laget å stifte kjennskap med teater når ein er så gamal. Eg veit ikkje om eg er heilt samd med henne i det.

For å forklare usemja, deler eg gjerne røynslene mine frå barndomen, trass i at eg truleg er ugild når eg bruker meg sjølv som sanningsvitne, og at røynslene mine neppe kan kallast representative. Men, eg tek sjansen, eg er jo ikkje åleine i dag om å bruke personlege vitnemål frå oppveksten for å få fram poeng i det offentlege ordskiftet.

I motsetnad til Lubna Jaffery, såg eg ikkje mi første teaterframsyning då eg var 20 år. Eg var 23. Det kan godt hende at foreldra mine var årsaka, sjølv om dei ikkje er frå Pakistan, men frå Fjaler, men for å vere ærleg trur eg snarare at det handla om dårleg økonomi i Jølster kommune på 70-talet. Eg liker i alle fall å tru at det var slik, at skulen min ikkje hadde råd til å betale for teater, framsyningar som eg i vaksen alder har høyrt om frå vener som gjekk på andre skular som hadde råd til slikt, teaterstykke som for alltid har fått venene mine til aldri å besøke eit teater i vaksen alder.

Kvifor skulle dei ville seg sjølv så ilt? Dei har jo sett kva teater er for noko, på harde røyrstolar i kalde og lyse gymnastikksalar, med ein eller to utkledde skodespelarar, gjerne med ein kassegitar, der dei gjer seg til framfor eit teppe og ein ribbevegg. Takk og pris for at eg slapp unna. Det redda truleg sjela mi.

Rein i sjela kunne eg derimot gå rett inn på Nationaltheatret ein haustkveld i 1990 for å sjå mitt første teaterstykke, heilt utan fordomar. Det var Brand, og det er framleis uklart for meg om det var Ibsens tekst, Stein Winges regi eller det intense nærværet til Bjørn Sundquist som vekte meg, eller om eg berre syntest det var veldig stilig at rollefiguren Einar kom inn på scena på ein ekte motorsykkel, og at eg i det Einar gjorde sorti, såg langt oppover det som den gongen heitte Drammensveien. Eg analyserte ikkje det eg såg den gongen på andre måtar enn at eg der og då bestemte meg for at eg skulle gjere kva eg kunne for å få oppleve meir av det same resten av livet.

No, over tjue år seinare, ser verda annleis ut. Vi er i rikdomens vald. Sjøl i Jølster har oljen smurt økonomien. Elevane har tilgang til eit utal av kunst- og kulturopplevingar, særleg gjennom Den kulturelle skulesekken.

Eg har ikkje svaret, men vågar å stille spørsmålet: Trur vi verkeleg at skuleteater vil føre til at dei som er unge i dag vil strøyme til teatra som vaksne, eller kan det i verste fall skremme dei vekk ein gong for alle?

Denne teksten var på trykk i Nationen og på Scenekunst.no samtidig.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no