Foto: Bart Grietens. Aktører: Tessa Friedrich, Marius Mensink

Brutal Barbie-leik

Øystein Johansen har laga ei ny framsyning om massemordarar. Denne gongen er det kanadierne som blei kjende som “The Barbie and Ken-killers”, og her blir groteske overgrep satt i eit relieff av Barbie-estetikk.

B&K 4ever er historia om Karla Homolka og Paul Bernardo, betre kjend som «The Barbie and Ken Killers». Framleis er dette ei av dei mest kjende kriminalsakene i Canada. Ho var veterinær, han var seljar. Begge var notoriske narsissistar og omsynslause overgriparar. Regissør Øystein Johansen har med denne framsyninga skapt eit fascinerande portrett av det mørkaste som bur i menneskesinnet.

Barbiedraumen
Vi høyrer lyden av Wham og Last Christmas medan vi går inn på Lille scene på Black Box teater. På scenen står Barbie (Tessa Fredrich) og Ken (Marius Mensink) og smådansar i neonfarga sommarklede. Dei ikoniske dokkene representerer Karla Homolka og Paul Bernardo – det perfekte paret. Barbieestetikken pregar kun dei to skodespelarane. Resten av rommet er dempa og sobert. Midt på scenen heng det flor frå taket. Dette dannar eit transparent avlukke. I avlukket står det eit kamera som er retta mot ein livlaus figur med ryggen til oss. Huda til Barbie og Ken er skinande, plastaktig og sommarbrun. Fysikken er sterk og veltrent. Det er mange jakkeskift involvert, men elles lite klede og mykje kropp.

Sjølv leika eg med Barbie og Ken på midten av 1990-talet. Garderoben deira på denne tida kan vi samanfatte med stikkord som tropisk, syntetisk og når eg no ser tilbake på det, nesten fetisjistisk. Det var bastskjørt, Hawaii-skjorter og bikinioverdelar forma som kamskjell. Ofte tok kleda til Barbie utgangspunkt i kjende snitt, men var sydd i uventa materialer som konsekvent jobba mot den opprinnelege funksjonen til plagget. Barbie og Ken eig ikkje fornuftige klede. Det kunne til dømes vere ei klassisk denimjakke sydd i gjennomsiktig organza, eller ei boblejakke i skinande gul PVC. Dette er glimrande parodiert gjennom kostymevala i denne framsyninga. Mattel-konsernet som står bak Barbie og Ken har sidan 1960-talet skodd seg på dagdrøymande barn. Eg kjøpte sjølv denne Barbie-draumen og projiserte mitt ynskje om sprø og upraktiske klede over på Barbie som hadde masse sprø og upraktiske klede. Regissør Øystein Johansen har med hjelp av kost og mask blåst liv i denne draumen. No står Ken og Barbie der rett framfor oss og smiler avslappa. Dei dansar, men ikkje saman som par eller med kvarandre, slik ein gjerne gjer på eit dansegolv som spelar Wham. Dei dansar for oss, ut mot publikum. Det er som om dei speglar seg i ein imaginær spegel. Eg kjenner meg som ei levande kameralinse der eg sit i publikum.

True crime møter Shakespeare
Dei byrjar å fortelje om korleis dei fyrst møttes. Denne seansen vert repetert gjennom framsyninga. Paret fortel med kjølig distanse medan dei smiler på dei rette stadene og poserer for oss i publikum. Dei fortel nesten same versjon og fullfører kvarandre sine setningar. Det er små nyanseskilnader som skil Barbie og Ken sin versjon. Ken seier «I tapped her lightly on the shoulder» medan Barbie seier «He grabbed my shoulder.» Dette er slik eg ser det eit kjernetema i framsyninga. Kven fortel sanninga av dei to?

Paul og Karla vart begge dømt for drapa på tre kvinner, men Karla slapp unna med langt lågare straff enn Paul. Filmane av valdtektene vart destruert etter krav frå Karla og advokaten hennar, slik at dei ikkje kunne brukast mot ho  i retten. I bytte mot dette vitna ho mot Paul. Denne bytehandelen leidde fram til strafferabatten hennar. Ho hevda også at Paul truga ho til å delta i overgrepa mot sin vilje. Det første drapet fann stad 23. desember 1990. Karla kjende seg visstnok truga av yngre kvinner og var redd for å miste Paul. Difor ville ho gi han veslesyster si, Tessa, i julegåve. Dette enda med at Tessa Homolka døyr av ein overdose valium. Dei slepp utruleg nok unna med å bortforklare det som ei ulukke. Denne hendinga vert omtala som «the tragedy» når dei no fortel om korleis dei møttes og om forholdet sitt.

Teksten er skapt i samarbeid mellom skodespelarane og tilsynelatande overflatisk og sukkersøt, men heng nøye saman med faktiske hendingar. Såleis er det ein fordel å kjenne litt av historia til Paul og Karla. Når ein gjev seg i kast med ei så bestialsk historie, gjeld det å finne balansen mellom det eksplisitte og det subtile. Regissør Øystein Johansen har vore svært forsiktig her. Det er ingen eksplisitte valdsscener eller grusame skildringar. Dette kunne fort blitt tamt, men skodespelarane er sterke, og klarar å halde på merksemda mi trass i repetisjonane. Barbie-verda vert broten av utdrag frå diktet Venus og Adonis av Shakespeare. Det handlar om kjærleiksgudinna Venus og hennar forsøk på å vinne den vakre Adonis, ein jeger som heller vil jakte enn å gi seg over til kjærleiken og Venus. Shakespeare har snudd om på dei tradisjonelle kjønnsrollene og let Venus jakte Adonis. Jo meir utilgjengeleg Adonis gjer seg, jo meir standhaftig vert Venus. Dette er ei forteljing om forelsking som går over stokk og stein. Såleis fungerer diktet godt som rammefortelling for historia om Karla og Paul.

Subtilt og elegant gjort
Eg sette meg på første rad for å komme tett på skodespelarane, men vart på grunn av dette snytt for dei visuelle effektane som kunne oppstått då floret vart tatt i bruk. Det visuelle hadde nok fungert betre på ei større scene, og det kan verke som om komposisjonen er laga med tanke på eit større amfi. Eg sat under synsfeltet til skodespelarane og kom generelt for tett på rommet til at dette fekk fungere optimalt. Det positive med å kome tett på, er at ein får kjenne på det å vere i same rom som Paul, Karla, kameraet og offeret. Alt vert forsterka på ei scene, og nettopp difor har ikkje regissør Øystein Johansen latt seg friste til å overdrive.

Framsyninga har to svært gode skodespelarar i Friedrich og Mensink. Blandinga av popkulturelle Barbie-referansar, krim frå det verkelege liv og klassisk engelsk litteratur er balansert på ein slik måte at eg stadig vil ha meir. Eg rekk å bli litt utålmodig på grunn av repetisjonene før vi får sjå ein original heime-video frå bryllupet til Karla og Paul. Bitane fell med denne på plass på akkurat rett tidspunkt og bind framsyninga saman på ein elegant måte.

 

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER