S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 12. november 2013

Brotsverk og straff

Og så kan hunden komme. Foto: Nord-Trøndelag Teater


Publisert
12. november 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Og så kan hunden komme Nord-Trøndelag Teater, Dampsaga kulturhus, Steinkjer Av Jon Fosse Dramatisering og regi: Leif Stinnerbom Scenografi: Lars Jacob Jakobsson Kostyme: Inger Stinnerbom Komponist: Magnus Stinnerbom Med: Paul Ottar Haga og Daniel Sandén-Warg (musikk)


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/brotsverk-og-straff/
Facebook

MELDING: Kva gjer ein når det ikkje lenger er nokon til å ete av hundeskåla? Innsiktsfullt, melodiøst og velspela om kva som kan skje når haldepunktet i livet forsvinn, skriv Amund Grimstad om "Og så kan hunden komme" av Jon Fosse på Nord-Trøndelag teater.

For tjue år sia gav Jon Fosse ut boka «To forteljingar». Den eine av novellene, «Og så kan hunden komme», har Nord-Trøndelag Teater fått Leif Stinnerbom til å dramatisere, og laurdag var det urpremiere på Steinkjer med Nord-Trøndelags eigen Paul Ottar Haga i hovudrolla. Det er blitt ei eineståande framsyning, velspela, særs musikalsk, vakker og med mange mogelege tolkingar.

Jon Fosses novelle er ei episk forteljing om ein mann som bur åleine med hunden sin, og der hunden openbert er alfa og omega i livet hans. Så ein dag blir hunden skoten av ein nabo som alt før ugjerninga ikkje hadde noka høg stjerne. Som ein ekstra provokasjon legg naboen liket på dørhella til hundeeigaren. Fosse utforskar kva ein enkel sjel gjer eller kan gjere når haldepunktet i livet forsvinn. Den spontane reaksjonen er at naboen må døy, og vi får mannens noko irrasjonelle, monomane og tunnelsynaktige argumentasjon for at han skal gjennomføre drapet som straff eller hemn, ei tankerekkje framført på eit repeterande vis slik Fosses tekstar ofte er.

Der novella har ein tydeleg start og slutt, er Stinnerboms dramatisering blitt ein tekst som går i sirkel, ein monolog som startar og sluttar same stad. Med dette grepet opnar han for fleire mogelege tolkingar av kva som verkeleg har skjedd. Historia blir fortald som ein monolog framført av Paul Ottar Haga. Men berre ein sjeldan gong får vi høyre kva mannen seier. I staden presenterer Haga tankane og mannens forsøk på å overtyde seg sjølv. Det er eit sakte forteljarteater, tidvis visualisert med enkelt spel og illustrerande videoprojeksjonar mot bakteppet. Haga tar seg god tid, og monologen er repeterande, og nesten så han går i loop.

Slik er det òg med musikk. Også der er det tema som tas opp att, små variasjonar, og mange repetisjonar. Kanskje er det slik Stinnerbom har tenkt då han fekk sonen, Magnus Stinnerbom, til å skrive musikk til denne produksjonen. Låtane er i folkemusikktradisjon, og blir framført av Daniel Sandén-Warg på munnharpe og ulike strengeinstrument. Sandén-Warg og Magnus Stinnerbom er gamle skulekameratar, og i 1996 skipa dei gruppa Harv. I dag bur Sandén-Warg i Setesdal, og er blant landets beste og mest røynde folkemusikarar. På scena

blir musikken hans eit viktig dramaturgisk element, illustrasjon og kommentar til handlinga meir enn berre vanleg akkompagnement. Ein liten sparring partner for Haga blir han også. Og så synleggjer dette grepet kor melodiøst og musikalsk språket til Fosse er. Framføringa, komposisjonane, dramaturgien og det særs synkrone samspelet mellom dei to på scena gjer at dette blir så mye meir enn berre tradisjonelt forteljarteater.

Jon Fosse skriv på nynorsk, og til vanleg syns eg det er ein uskikk at mange teater har slik fobi mot språket at dei i staden spelar alt det nynorske på dialekt. Men ikkje denne gongen. Paul Ottar Haga spelar på verdaling, hans eigen dialekt, og det gjev framsyninga både eit naturleg og munnleg preg, og ein eigen autentisitet. Særleg gjeld dette i møtet med dei to birollene i stykket, ei jente på sykkel, og nok ein nabo. Dei er formidla med ein frigjerande humor, og er typar ein kan mistenke Haga for å ha teke med seg heimanfrå. Haga vekslar mellom dei to besøkande og hundeeigarens ytringar og tankar med den største sjølvfølgje, saumlaust og elegant.

Det er ein stor, men ikkje uoverkommeleg tekstmengde i denne monologen, men det som gjer han ekstra krevjande, er alle repetisjonane som er nesten like, men berre nesten. Paul Ottar Haga gjer ein imponerande sceneprestasjon, og spelar lågmælt og intenst, tek lange pausar, har publikum i si hole hand, og brukar den tida han treng. På det viset greier han å trengje attom skalet på han som brått mistar haldepunktet i livet sitt, ankerfestet, som får ein idé om kva som må gjerast, og som utan tanke for konsekvensane berre gjennomfører det. Eller er det verkeleg det som skjer? Leif Stinnerboms dramatisering og gode regi opnar for mange ulike tolkingar. Er dette ei historie om hat og hemn? Eller er det ein fiksjon, ein tanke eller draum om kva som kan ha skjedd med hunden, og kva som så kan skje? Eller er det kanskje noko som har skjedd og som nå heimsøker mannen på same repeterande vis som teksten vi får presentert? Uakta kva for tolking du finn best, er dette ei perle av ei teaterframsyning, gjennomført i alle ledd, og ei oppsetting som gir skikkeleg næring til ettertanken.

Meldinga er henta frå www.amund.info etter avtale.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no