Sporvogn til begjær. Scenografi og kostymer: Olav Myrtvedt. Lys: Norunn Standal. Foto: Gisle Bjørneby

Basket of deplorables

Sporvogn til begjær handlar om klasseforakt og bakvende klassereiser, og i denne oppsetjinga gjer ein formidabel skuespillertrio alt for at forteljinga sit.

1947 var året då Tennessee Williams skreiv Sporvogn til begjær. Det var kald krig og babyboom i USA og Stephen King, Mitt Romney og Hillary Clinton vart fødd. Hillary Clinton skulle mange år seinare komme til å tape eit viktig presidentval fordi ho kalla halve veljarmassen til Donald Trump for «basket of deplorables.»: ”They’re racist, sexist, homophobic, xenophobic – islamophobic – you name it. And unfortunately, there are people like that. – Now, some of those folks – they are irredeemable, but thankfully, they are not America.” Alfahannen frå Sporvogn til begjær, den polsk-ætta Stanley Kowalski (Nils Jørgen Kaalstad) hadde nok hamna rett i korga til Hillary. Han er ein homofob og valdeleg bråkmakar, og han elskar Amerika, «verdas beste land», som han seier. Han hadde forakta Hillary Clinton for måten ho omtalar han og hans likemenn, og saman hadde dei gått rett til valurnene og stemt fram Donald Trump. Det er min teori.

Katastrofe i kvit drakt
Dei amerikanske klassikarane rullar vidare på norske scener, og Oslo Nye Teater opnar sesongen sin med eitt av dei skitnaste portretta i den dramatiske kanon av eit USA i djup krise. Teatersjef Kim Bjarke har i sin regi valt å legge handlinga til vår tid, eit New Orleans etter stormen Katrina med sosial naud og knuste ideal. Blanche og Stella kjem opphavleg frå ein rik overklassefamilie av innvandra hugenotter med etternavnet Dubois. Stella søkjer ut av dette og finn motpolen, frå Polen, i Stanley Kowalski. Blanche vert verande på familiegodset til arven går i vasken og alle frå Dubois-familien har gått i grava. Ho oppsøker Stella og Stanley, og det er duka for klasseforakt og kulturkrasj i ein klam eittroms med tynne veggar.

Scena er dekt av eit reisverk av stillas som dannar nabolaget til Stella og Stanley. Blanche er kledd i kvit drakt, ho har bleika, slitt hår og frynsete nervar frå mange år med overforbruk av vodka og menn. Linn Skåber er eit glimrande val i rollen som Blanche, og ho ber Blanche på eit kjærleg og uanstrengt vis som er både underhaldande, sårt og truverdig. Vi følgjer Blanche frå ho kjem med koffert, pumps og kvit drakt til ho forlét scenen arm i arm med profesjonelle som for øvrig også går i kvite drakter. Denne bakvende klassereisa skildrar ho med ein skodespelarmessig uanstrengt letthet som er ei fryd å sjå på. I det som står for meg som den mest vemodige scenen, der den desorienterte Blanche ventar på ein imaginær rik mann som skal ta henne med på cruise, vert ho oppmuntra med at ho ser fin ut på håret. «Takk takk, men det er mye å stelle.» seier ho og sleper seg i retning av det ventande helsepersonalet.

Kan eg få lov til å sympatisere med Blanche?
Det er vanskeleg ikkje å sympatisere med Blanche, sjølv om ho oser av klasseforakt og sprit, er grusom og lygnaktig og tek altfor lett på den seksuelle lågalderen. Stanley finn ut at ho har hatt eit forhold med ein av elevane sine, og at det var dette som leidde til at ho vart sparka frå skulen der ho jobba. Denne tendensen ser vi også med eigne auger då ho gjer tilnærmingar mot den unge dørseljaren (Tarjei Sandvik Moe) som bankar på hos Stella og Stanley. Skodespelet handlar om klasse og brot med klassen ein tilhøyrar. Stella bryt frivillig med overklassen, Blanche mistar motvillig sin plass der, medan Stanley er trygt plassert i arbeidarklassen og er tilfreds med det. Han er trygg på eigen identitet, noko som gjev han urokkelig sjølvtillit og makt til å styre både Stella og Blanche med jernhand.

Medan Stine Fevik som Stella er kjærleg, nøktern og realistisk, gjev ikkje Stella opp nokon av dei ho elskar. Ho er lojal mot både Stanley og Blanche. Blanche på si side ber Stella velje mellom dei to, og dette leier til at relasjonen mellom Stanley og Blanche hardnar til og kulminerer i at Stanley valdtek henne. Blanche er ein cocktail av danning, stormannsgalskap og fornekting som ho held på til det siste, men valdtekta vert det ultimate nederlaget som knekk henne. Det kjem likevel fram at det er Blanche sin innebygde homofobi som opphavleg er rota til ulykka hennar. I ung alder forelska ho seg i ein gut som viser seg å vere homofil. Som tenåring gifta ho seg med han, denne vakre, opplyste og danna guten som delte Blanche sin evne til å søkje mot det vakre i kunsten, poesien og litteraturen. Ho gjer her ein stor tabbe som følgjer henne for resten av livet. Ho kviskrar til han at ho veit, og at det gjer henne kvalm. Han skyt seg som følgje av dette, og livet hennar er frå denne dagen av øydelagt. Det fins truleg ein diagnose for dette i dag, kanskje lir ho av posttraumatisk stressyndrom som fylgje av sjokket og skuldkjensla. Ho klarar aldri å stable seg tilbake på beina, og vert verande i ein vond spiral av flyktige møter, gjeld og sprit. Om ho faktisk tek på seg det heile fulle ansvaret for skjebnen til den unge guten ho elska veit ein ikkje, då ho gjennom eit langt liv har reindyrka kunsten å fornekte røyndommen.

Velsmurt skodespelarmaskineri
Utan ein solid skodespelartrio som Fevik, Skåber og Kaalstad som drivande krefter hadde framsyninga forvitra. Det er i høgste grad skodespelardrive, og regimessig er det gitt rom til at det skal få lov til å vere nettopp det. Birollane til Andreas Stoltenberg Granerud og Tarjei Sandvik Moe er også svært viktige for å oppretthalde drivet, og dei spelar rollene avmålt og elegant. Det er fint å sjå at Kim Bjarke har gjeve rom til å la samspel og kjemi få lov til å bæra dette stykket som på djupaste plan handlar om skakke relasjonar på tvers av dei sosiale klassane.

Klasseforakt lever i beste velgåande, slik Hillary Clinton viste oss i 2016. Homofobi lever også i beste velgåande, og vi kan berre håpe at denne klassikaren på eitt tidspunkt vil slutte å vere så inderleg aktuell.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER