Astrid Kvalbein. Foto: NMH

Astrid Kvalbein ny rektor på Norges Musikkhøgskole

Astrid Kvalbein er valt til rektor og Eyolf Dale til prorektor på Norges musikkhøgskole (NMH) for perioden 2021–2025. Dei tar over 1. august. Det meld NMH i ei pressemelding.

Astrid Kvalbein er songar og i dag tilsett som forskar og prosjektleiar for NMHs historieprosjekt. Eyolf Dale er jazzpianist og studieleiar for dei utøvande jazzstudia. Då Astrid og Eyolf gjekk til val hadde dei med to viserektorar; Sidsel Karlsen, viserektor for forsking og utvekling, og Gunnar Flagstad, viserektor for utdanning.

Astrid Kvalbein fortel at ho blei både letta og overvelda då resultatet var klart:

– Eg er óg glad for å kunne tenkje på noko anna enn valkamp i vekene som kjem. Og sjølvsagt: utruleg audmjuk og stolt av å ha fått denne tilliten frå folk på NMH. Eg skal gjere mitt beste!

Astrid Kvalbein har òg tidvis vore skribent for Scenekunst.no, og ho har skrive fleire tekster om klassisk musikk og opera.

 

 

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER