S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 18. september 2018

Antroposcenekunst

Foto: De Utvalgte


Publisert
18. september 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Skipet – Vol.5 Short cuts,

Norstrand Steinbrudd, premiere 15. september 2018

Av og med: Kari Holtan, Eirik Raude, Juliana Venter, Jonas Hestvik Dahl, Jon Platou Selvig, Nils Bjelland Grønvold, Boya Bøckman, Anne Holtan, Morten Kippe, Ida Holthe Lid, Gjøril Bjercke Sæther, Helle Bendixen, Torbjørn Davidsen, Zett Davidsen, Juliana Venter, Pelle Ask, Marius Kolbenstvedt, Nils Bjelland Grønvold, Ida Holthe Lid, Eva Berit Bøe Moen, Hans Wedvik, Kari Vik Knutsen, Stein Davidsen, Tommy Olsson, Patricia, Tomas, Pablo, Majed, Nawaf, Ghazi, Efrem, Hamnas, Safi, Khaled, Ibrahim, Saad, Hasib og Khial.

Meldt 15. september 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/antroposcenekunst/
Facebook

I eit steinbrot på Nesodden retter De Utvalgte lys mot bergveggen og spør kva det er å vere menneske. Dei overgår seg sjølv på det visuelle i denne produksjonen, og under stjernene er det storslått å vere vitne til.

Ein mann demonstrerer nærkampstrategi på ei gruppe gutar i 12 til 17-årsalderen. Han sirkulerer blant dei medan han instruerer og demonstrerer. «I strike, I use this part of the hand to stop the blood flow to your brain, that way you get a little bit dizzy in your knees, I pull you towards me, I take out your knee, I’ll snap your neck, you’ll be dead before you hit the ground.» Gutane fell, reiser seg og repeterer rutinen. Mannen (Zett Davidsen) er to meter høg og ein meter brei, han har tatovert ein hovudskalle i andletet. Det vert ikkje nemnt med eit ord i programmet, men eg veit at han er tidlegare yrkessoldat og eg veit at gutane er mindreårige som har flykta frå krig. Dette er ei scene eg ikkje kjem til å gløyme med det første.

Skipet – Vol.5 Short cuts er laga for å visast i eit gamalt steinbrot på Nordstrand på Nesodden. Steinbrotet frå 1910 er ikkje lenger i drift, og ligg no som eit krater i landskapet. Vi er inne i den antroposcene epoken, seier geologane. Menneske har vandra omkring på jordas overflate i omlag 200 000 år. I prosent er dette skarve 0,01 % av heile jordas historie. I løpet av denne relativt korte perioden har vi lært oss å flytte fjell, bokstaveleg tala. Ekssoldaten fortel om ein gong han var med på å smadre eit fjell med bombefly. «Hele fjellet eksploderte, det hadde stått der i millioner av år.» Steinbrotet på Nordstrand er eit merke i landskapet som minner oss om at profitt og dynamitt alltid vil lokke fram overmotet i menneske. Eg kan ikkje sjå for meg ein meir egna stad for ei framsyning som har hybris som sentralt tema. Det er menneske mot naturgudane no, det er dei vi måler krefter med.

Sterke bilete Vi sit i eit amfi med 150 plassar. Det er heilt fullt. Eg sit i trappa for å få plass. Det er stjerneklart og halvmåne. Den er gulare enn vanleg og ser ut som om den er henta rett ut frå ein teikneserie. Stjernehimmelen er den vakraste eg har sett på lenge og eg vert sitjande å glane opp medan kunstkritikar i Klassekampen Tommy Olsson fortel gamle anekdotar frå eit slags programleiarpodium framfor amfiet. Det er dette som er styrka til De Utvalgte. Dei tek trivielle historier og plasserer dei i eit scenerom med universet som snorloft utan at det vert rart. Dei kjem unna med det. Plutseleg får kunstkritikaren selskap i battlerapperen Nils m/Skils som pratar om visualisering som metode for å takle stressa situasjonar. Kunstkritikk og battlerap har mykje til felles tenkjer eg medan eg sit der. Om ein går hardt ut og melder, må ein tåle å få svar, mykje handlar om posisjonering og det er lett å havne i beef.

Fokuset skiftar, vi høyrer Thorbjørn Davidsen og to gutar. Dei sit utanfor ei campingvogn rundt eit bål. Vi høyrer lyden gjennom høgtalarane, dei er for langt borte til at vi kan høyre dei utan. Dei griller lam og pratar om mat, ekteskap, kulturskilnader, framtidsplanar og fordommar. Den eine guten vil bli maskiningeniør, den andre vil bli politi. Dei er begge mindreårige flyktningar og bur og går på skule på Nesodden. Alt her er genuint, den tradisjonelle fiksjonskontrakta fins ikkje. Fokuset skiftar igjen og vi er vitne til ein bilkollisjon over på andre sida av plassen. Ei traumatisert kvinne (Juliana Venter) sit fast i bilvraket før ein brannmann (Thorbjørn Davidsen) hentar vinkelsliper og skjer henne ut. Det er sterke bilete.

Ein eigen dramaturgisk logikk Scenene står så langt ikkje i logisk samanheng til kvarandre, vi hoppar frå det eine til det andre, men det har eg slutta å henge meg opp i. Eg har for lengst innfunne meg med at no er det logikken til De Utvalgte som rår. Det er dei som styrer skipet og det er fint å vere om bord. Kontrasten til bilkollisjonen kjem i neste scene der ein fredeleg golfbil med pensjonistar i golfklede køyrer omkring på området. Ei av dei eldre kvinnene i golfbilen snakkar om alt det gode i verda. Eg kjenner igjen nokre av tekstfragmentene frå Skipet – Vol. 3 som vart vist tidlegare i år på Black Box teater, men mykje framstår for meg – som kun har sett to av framsyningane i Skipet-serien – som nytt materiale.

De Utvalgte overgår seg sjølv på det visuelle i denne produksjonen. Noko av det eg sakna i Skipet – Vol. 3 var dei spektakulære visuelle effektane som De Utvalgte har gjort til sitt varemerke. Dette får vi til gagns oppleve i denne produksjonen. På eit tidspunkt tenner dei flomlyset mot steinbrotet i bakgrunnen som til no har vore skjult av nattemørket. Det er storslått å vere vitne til. Bergveggen vert seinare nytta til projeksjoner av andlet, abstrakte 3D figurer og skuggespel. I tidlegare produksjonar har Boya Bøckman brukt stjernehimmelen som bakteppe i scenerommet. Det er såleis ein slags kosmisk rettferdighet i at været speler på lag denne kvelden og gir han ein stjerneklar himmelkvelv å jobbe med.

Kor lenge har vi sove? Den periodiske dramaturgien går over i det simultane. Golfgjengen gjer ein slags aerobic-koreografi med køllene medan gjengen av tenåringsgutar speler fotball. Kontrasten er grell. Golf er tidtrøyte for dei velståande og privilegerte medan løkkefotball er den enklaste forma for tidsfordriv i krigssoner og flyktningeleirar. Har ein ein ball kan ein gløyme elendet for ei stund og samle seg om leiken. Desse bileta vert ubehagelege sett i samanheng med diktet Kor lenge har du sove? av Olav H. Hauge framført av Marius Kolbenstvedt. Spørsmålet er rimeleg, kor lenge har vi sove? Medan eg sov klatra dei fotballspelande gutane gjennom 4,5 meter høge piggtrådgjerder for å komme inn i Bulgaria. Dette får eg vite etter framsyninga når eg spør ein av utøvarane om gjerdene som står plassert inne på plassen. Eg lurer på om dei var her frå før og blir fortalt at det er akkurat same type gjerder som dei ein møter på grensene omkring i Europa. Piggtråden reiv sund hanskar og fingrar etterkvart som dei rigga, men dette er berre kunst. Kunstige scenario og oppkonstruert røynd, men samstundes meir knytt til realiteten enn i dei fleste teaterproduksjoner.

På Hydra MC sitt territorium Ein maskert Pelle Ask ikledd kappe og lite anna sit i toppen av ei trapp og pratar kaudervelsk medan han fektar med bein og armar. Ved føtene hans ligg det eit hovud. Eit menneskehovud er tyngre enn ein trur, mellom 4,5-5 kg hos eit vakse menneske. Eg er spent på om dei har tatt høgde for dette, rekk eg å tenkje før han kastar hovudet ned trappene. Hovudet deiser tungt nedover trappa og eg grøssar. Scenen gjev meg assosiasjonar til Odin Teatret sin omgang med orientalske teaterformer, fysiske teateruttrykk og maskebruk. Det er denne salige blandinga av teatralske uttrykk eg set mest pris på hos Kari Holtan. Magien ligg i det at konseptet aldri får ta overhand. Det er menneske i fokus heile vegen, det er dei som fortel, dei som skin. Noko av styrken hennar som regissør ligg også i viljen til å knyte til seg nye folk, frå andre miljø.

Steinbrotet vi sit i er mykje brukt av motorsykkelklubben Hydra MC. Dei avsluttar framsyninga med å køyre i formasjon gjennom området. Det er vakkert, ein smule fryktinngytende og massivt med lyden, lyktene og lukta av eksos. Hydra MC vert sett på som ein ryddig gjeng av politiet, sjølv om dei har ein valdsepisode frå 2012 som enda i retten. På nettsidene til Hydra MC står det at dei vil jobbe aktivt med å behalde stabiliteten i MC-miljøet på Nesodden og at dei ser på Nesodden som sitt territorium. Takk for lånet av territorium, Hydra MC, sjeldan har eg sett teater i meir spektakulære omgivnader. Det er godt gjort å fylle eit steinbrot med så mykje meining.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no