Det siste epos. Foto: David Zadig. Scenografi, masker, kostymer: Fredrik Floen. Kostyme, scenografiassistent: Clara Nergårdh. Lysdesign: Ann-Marie Fritiofsson.

Antiheltane sitt epos

Scenografen Dordi Strøm har vore på Teaterfestivalen i Fjaler. Der har ho sett Det siste epos, men ho har skrive sitt eige, ei forteljing om kunsten og menneska som lagar han.

Eg kjem seint, eg har sprunge, og eg har køyrt bil i pøsregnet for å rekke det. Vi er fleire som spring i regnet mellom framsyningar, men dei ventar på oss, takk for det, takk. Eg syner fram billetten min, og blir vist ned i kafeen i kjellaren. Der tar eg ein kaffi før vi blir tatt med opp igjen og inn i salen på Trudvang av ei vennleg dame, ho smiler.

Inne i salen er det mørkt og kaldt. Her har det vore varmare før, eg minnast rommet som varmare, lysare, men no er her mørkt, og kanskje er det kaldt av omsyn til skodespelarane, eller kanskje sparar dei på straumen eller kanskje verkar ikkje omnane.

Det gamle amfiet er borte, og vi får sitje på forskjellige og kanskje tilfeldige stolar ute på golvet rundt eit oppbygd podium som er plassert midt i rommet. Podiet ser ut som ein catwalk, og inne på catwalken er det ein lem ned til ei underverd, ein portal, eit hol, ei hole, eit gap, ein kjeft, ei dør til helvete kanskje. Rundt catwalken har scenograf Fredrik Floen skrudd opp figursagde motiv i kryssfinér av en storby-skyline, Lucky Luke-kaktusar, stjerner og planetar.

Ved inngangen til catwalken lenger inn på scena har han bygd eit tårn. V-e-r-k-e-t-å-r-n står det malt på tårnet, og i toppen av tårnet er det eit lite platå med gelender rundt, heilt oppunder taket, og lenger nede ved golvet er det vindauge inn til eit rom inni tårnet. Vindauga er dekka med gardiner, lag på lag med gardiner. Bak gardinene er det eit lys, noko lyser inne i tårnet. Tårnet minner om tarot-kortet som tre i det kunstnariske teamet poserar med på eit bilete i programmet til festivalen. I tarot-verda tyder kortet The Tower omvelting, vald, pakt med djevelen som lokkar og lurar menneska. Kortet visar det vi lengtar etter, det vi har forkasta i oss sjølv. Djevelen lokkar til overskriding.

Frå tårnet skal det messast: «Det är ingen väg ut det finns ingen väg ut. Et fjäll, et hav finns. Det finns ingen väg ut». Og bak gardinene inne i tårnet sit det nokon. Er det ein dj, ein musikar? Det er nokon som sit der og som syng, det er fint, det er danske Sigrid Lerche som sit der når ho ikkje spelar havfrue, ein av trillingane til Lilith eller romfarar. Den lengste låta ho syng er elleve minutt lang og «Det finns et tårn i alla kroppar» syng ho igjen og igjen: «Dine arvinger bærer det med seg som var det gull og smykker, all den urettferdighet som renner ut i blodet.»

Bak Verketårnet, bak lange tekstilar som heng frå taket, er backstage. Der skiftast det til nye kostymar for nye scener i vill fart, og ut i lufta og inn i øyra strøymer det tekst frå munnane til skodespelarane, vi peprast med tekst, dei snakkar svensk, norsk, dansk, svorsk, dvorsk, engelsk, det går fort vi skjøner mykje, men ikkje alt, og det er kanskje ikkje meininga.

Det siste epos. Foto: David Zadig. Scenografi, masker, kostymer: Fredrik Floen. Kostyme, scenografiassistent: Clara Nergårdh. Lysdesign: Ann-Marie Fritiofsson.

Over oss i taket heng det tekstilar som banner som flagg i eit slott, ei kyrke, vi er i ei kyrke, ei middelalderkyrke i ein tronsal i slottet til Henrik den åttande, i borga til ridder Blåskjegg han som drap dei han gifta seg med, vi er Odyssevs, Jeanne d´Arc, vi er Pippi og Pippin i Gondor, vi er Oskefisen når ho kjem til dronninga og vil freiste å drepe trollet og vinne Prisen og halve oljefondet. Vi er ein helt i HBO-serien Game of Thrones var det nokon som sa, men det veit eg ingenting om for den tv-serien har eg ikkje sett. Vi les rommet, vi les scenografien, og vi les at vi sit i eit middelaldergrenseoverskridande univers kor alt kan hende, vi ventar det verste, det aller verste, og vi gler oss.

Alle materiala som er brukt, som scenograf Fredrik Floen har vald ut og brukt, ser billige ut, er dei billige? Det ser ut som om her er mykje gjenbruk av plankar og plater, det er ingen nyinnkjøpte materialar her eller, jau, kanskje nokre, men det meste er gjenbruk trur vi. Rommet ber preg av lån, og funne gods, «eg fann eg fann» ropar Oskefisen, og det trur eg Fredrik Floen ropar og. Kvar dag ropar han det, og finn skattar til kunsten sin overalt, det trur eg om han. Og vi les scenografien og rommet og huset og plassen og tenker på reisa dei har gjort, turen dei har tatt Turteatern.

Og vi tenker at hjelp det må dei ha fått. Mange timar med tolmod og dugnad frå gode dalingar, og det svært gode tekniske teamet på festivalen, det har dei nok heilt sikkert fått. Og nokre skikkeleg gode verkty det må han ha kjøpt seg scenograf Floen, han eig nok minst ein batteridrill no sikkert, og kanskje to eller fleir. Og vater? Nei, det har han ikkje brukt vil eg tru, nei det trur eg ikkje, og omsyn til HMT, eller helse-miljø-tryggleik, det har dei vel tatt. For nokon må ha hengt oppunder taket her og snikra The Verke-Tower, og nokon må ha hengt opp og flytta på alle tekstilane som heng i taket, og kor høgt er det dit opp? Har dei hatt sakselift? Er det folk med sakselift eller stillas her i bygda, og er dei med på dugnadsarbeidet? Eg veit ikkje. Men nokon med ein innmari høg stige må det i alle høve ha vore som har hjelpt til her. Her er brukt tusenvis av timar, tusenvis av timar med arbeid, det må ha vore time på time med gratisarbeid, for det kan umogleg gå an å oppnå ei anstendig timeløn med denne typen innsats. Det skjøner alle som tenker over det.

Men vi treng ikkje tenke over det, eller jau, vi kan tenke at desse folka, som har laga denne framsyninga, framleis er unge, dei har enormt med krefter. Dei har ikkje ungar sjølv, dei har ikkje store lån i banken, ein kan ikkje betene store huslån i banken om ein nyttar tida si til å henge her oppunder taket i eit gamalt ungdomshus for å lage kunst, det trur vi ikkje på vi som sit her.

Og det er fint, det er greitt og det er veldig bra, og vi treng det at dei gjer det, eg betalar gjerne, det vil eg at vi skal, det må vi, slik skal det vere i eit ope og levande demokrati. Slik har vi det her enn så lenge, og det vil eg hegne om, det må vi hegne om og aldri ta det for gjeve, det går ikkje, det har vi sett, vi må svare, vi må slå tilbake, takk Sara, takk Pia Maria, takk Hanan, takk Marius. Takk Nina Ossavy og Terje Ranes. Dessutan fødast det for mange ungar i verda sånn som det er. Å føde for mange ungar er ikkje berekraftig, nei det er beint fram ansvarslaust å føde så mange ungar.

Ein kan heller skaffe seg vener. Ein kan få vener frå heile Norden som ein samarbeider med og dei er og unge og har heller ikkje ungar sjølv enda, kanskje berre ein hund og kanskje ikkje fast adresse heller for ein treng ikkje det. Det er nok om berre ein ven har fast adresse for då kan ein søke pengar frå alle dei tre Nordiske landa og kjøpe ein turnébuss for pengane kanskje.

Då kan ein lage kunst om livet og dauden og endetida vi lever i og reise rundt med den. Ein kan lage kunst om livet som ei reise, som eit epos, det aller siste eposet. For vi er dei siste, vi skal bli dei siste vi er på den siste reisa. Bli med om du vil det eller ikkje. Du er allereie om bord.

Og vi er om bord, og vi har reist langt for å sjå dette, og vi er her, og vi sit i dette rommet i Trudvang i Dale og vi ventar. Vi sit i dette rommet i denne scenografien som godt kunne ha vore magen på ein kval. Vi sit i magen på Moby Dick, på den kvite kvalen som Gina og mora laga den gongen, og som Espen Klouman Høiner fortel om i Vi, folket med tekstar basert på samtalar han hadde med vertsmor si i ein kvit middelklassefamilie ti år etter at han budde hjå dei i småbyen Danvers, Illinois i USA.

Mora Rose fortel at Gina lengta sånn etter å sjå havet og at ein laurdag skulle dei endeleg reise til havet, men så måtte John, faren, ta nokre ekstra timar på fabrikken, dei hadde ikkje råd til at han sa nei til dei ekstra timane med overtid. Så då nytta Rose og Gina heller fridagen til å lage ein kvit kval i papp-maché, ein enorm kvit kval som fekk ligge i bassenget ute på plena, den låg i regnet i plaskebassenget ute på plena og smuldra vekk i regnet.

Vi sit i magen til den gamle kvalen, i magen til det gamle ungdomshuset i Dale, og her har folk sote før. Men det er vi som sit her no, i det som skal bli ein referansemetta eksplosjon av ei framsyning, i slekt med den folkloren som vi kjenner som vår eigen og vår eigen eventyrtradisjon, og sjølvsagt er det i slekt med tysk teater, dette som vi har reist til Berlin og Theatertreffen og sett og sett igjen og igjen. For dei finst her jo alle dei tyske dei norske scenografane og kostymedesignarane vi har sett, dei er i lufta i lukta i stemninga i rommet i magen til Moby Dick. Dei heiter Janina Audick, Aino Laberenz, Anna Viebrock, Aleksander Denic, Ida Müller, Marte Ekhougen, Jennie Bringaker. Og Alexander McQueen er og her. Men sa eg Marte Ekhougen. Eg seier det igjen: Marte Ekhougen.

Scenografien og rommet, heile prosjektet er og beslekta med den omreisande bygdekinoen og med folkekunst frå heile verda. Det er det dette minner om, det er sånn det må sjå ut, det er slik det må lukte i det gamle ungdomshuset frå 1930-talet som har husa alle slags festar og arrangement frå bryllaup og gravferder og Riksteateret og lokale amatørframsyningar med Jakob Sande sine tekstar, og er det sju teaterfestivalar no og sikkert kommuneval og fylkestingsval og nasjonale val, ja kanskje det.

Men no luktar det og blaut hund. For regissøren sit rett ved sida av meg med den blaute hunden sin på fanget og den er så søt og eg kjenner det ikkje i starten, men etter kvart kjenner eg det veldig sterkt. Det er hunden som luktar. Ho er blaut og ho stinkar, og eg må flytte meg og det gjer eg, for lukt er den sansen som er sterkast, det er lukt vi hugsar. Det er det vi hugsar best og lenge før det vi ser med auga eller høyrer med øyrene, det er lukta. Og her luktar det blaut hund, og på eitt vis er det ei heilt rett lukt her i magen i kvalen, men eg kan ikkje sjå når det luktar så sterkt.

Eg byter plass, eg finn ein annan stol, og snart gløymer eg hunden og lukta. Då kan eg sjå igjen og eg ser flagga, bannera i taket dei er dronningriket sine flagg, Turteatern plukkar dei ned og tar dei med seg når dei skal i korstog når dei skal i krigen, «Det går alltid eit korstog» song Tramteateret, dei som er Frie radikale no, og som spelte her på festivalen i går. Hysj, sang dei, tenk på noe annet, hysj! Og flagga i taket er dronningriket sine flagg, dei svaiar sakte oppe i taket i lufttrykket, i varmen i dampen frå alle kroppane nede i salen, folket, varmen frå folket, Vi, folket eller er det gufset, frå regnet og kulda utanfor.

Flagga er nasjonalsymbol, symbola vi dyrkar, dei er laken og gardiner og badehandukar med romfartsmotiv og Mikke Mus og Minnie, dei er ei Levi’s-bukse og ein college-genser på kvar sin kleshengar høgt oppunder taket over tårnet, dei er metervare med gardinstoff frå Ikea frå Coop dekorert med haustblad.

Dei er mange lange meter breie tøystykke som heng frå tak til golv med reproduksjonar frå Hieronimus Bosch sitt berømte tryptikon «Garden of Earthly Delights» bestilt frå Megaprint i Drammen sikkert. Eller er dei kjøpt på nettet, kanskje er det sånn at Fredrik har sendt Megaprint i Drammen eller Big Image i Sverige ei fil med eit bilete han har rippa frå verdsveven og bede Megaprint eller Big Image eller nokon andre printe dei så store som mogleg. Kor brei er den breiaste printeren dei har der? Er den fire meter om du skal ha eit banner utan skjøt. Det er greit og nei takk, eg treng ikkje maljer i toppen, då blir det billigare. Og så stiller folka med printeren ingen spørsmål om rettane til verket og Hieronimus Bosch er jo daud og gravlagd for over 500 år sidan, sjølv om han er med oss her i kveld, så då er det sikkert greitt alt det.

Og no heng dei i alle høve her desse schvære tekstilane med Adam og Eva, og det må jo vere fordi scenograf Fredrik og regissør Marie og dramatikar Runa elskar dei, og meiner at dette kanskje er det viktigaste i scenografien saman med Tårnet. Vi kan kjøpe eit print av Bosch og ta det med oss i turnébilen og henge det opp der vi vil dit vi reiser, det må til og så er det turnévennleg. Så då gjer dei det.

For sånn ser den ut, oljelandet sin sanne folkekunst, det er sånn den må sjå ut, sånn kan det sjå ut når det lagast scenekunst av restane, av overskotet av søpla til det oljebedøvde folket i oljelandet Noreg. Vi som etterspør og etterspør og handlar inn og handlar inn meir, vi som er på verdstoppen i oppussing. Vi er best i verda på å kjøpe nye puter og gardiner, vi vil berre ha meir, og det får vi, det vi ber om får vi fordi vi betalar.

Og det vi betalar for er enorme supertankarar som fører med seg titusentals konteinarar med enorme mengder tekstilar frå det fjerne austen over verdshava gjennom kvalen sitt rike gjennom Moby Dick sitt rike og støyar så han sluttar å reprodusere seg. Kvalen, spermkvalen og dei andre, alle dei andre, så dei sluttar å synge. Dei kan ikkje høyre kvarandre, dei sluttar å synge om det andre livet, alt liv som lever i havet. For varene skal opp hit til oss som vil ha dei vi som bur på toppen av verda.

Vi som har oljepengar og som vil ha noko nytt i stova no når det snart er jul, no når det snart er sommar no når det er fredag, laurdag, søndag eller kva dag som helst i veka det finst alltid ein grunn til å kjøpe noko nytt å ha i huset, og opp hit fraktar dei varene, til dette hjørnet av verda og vi fyller buer og loft og minilager med tekstilar som har reist heile vegen ifrå barnehender i Kina, og som lagar enorme overskotslager i heimane til nordmenn flest.

Men dette kan ein lage teater av, dette kan ein og lage fantastiske kostymar og scenografi av, og det gjer dei, det har dei gjort her i denne kvalmagen her i dette ungdomshuset, denne festsalen.

Men før det må det vener til, det må gode vener, det må svenskar og danskar til, for å tegne og skrive og spele og regissere og ein hjerne som Fredrik Floen sin, og hender som Fredrik Floen sine kloke hender må til, og ei symaskin, minst. Og tid treng ein, ein treng timar og ein treng netter og dagar, dagar og netter, ein treng ein helvetes masse tid. Tid som aldri lar seg rekne om til timeløn aldri ei anstendig timeløn, sjølv om kunst er arbeid. Er kunst arbeid?

Og no kjem Lilith og Lilith har ormar omkring armane, det er Lilith som er vår helt, vår heks, vår valkyrje. Ho flyg gjennom lufta med «Ormar omkring Armarna» og har landa her i Trudvang på slagmarka. Ho er ein engel, ein djevel, ho er dauden og freisterinne, ho er Hades og Medusa. Lilith er ein flygande krigar i blomstergardin. Ho har raude djevelhorn og ein kjole, eller er det ein kjole? Det er eit plagg som dekker kroppen hennar, det er eit tekstil som minner om greske atletar i Athen. Ho er Athene, kanskje ho er en krigar i antikken i eit kjøkkengardin, eller nei, det er eit dynetrekk, eit dynetrekk frå Høie sikkert eller Ikea kanskje, som er kvitt, med rosa små blomster, og raudkanta rysjer. På hovudet har ho eit hårband, og ho har fletter, eg trur ho har fletter, men ikkje så lange som Greta T sine fletter, og ho har matchande horn. Ho har raude horn som matchar kjolen og eit sverd, ho har et sverd. Eit sverd har ho Lilith, og ho er ustoppeleg og ho drep den Dystopiska Prinsen når han blir keisam.

Men før det har ho blitt gravid, og ho føder tre trollungar, trillingar med Karius og Baktus-hår, og dei ser heilt jævlige ut. Det gjer dei, dei er verkeleg stygge, eg trur desse tre kanskje kan ha vore dei tre aller siste kostymane, Fredrik og assistenten fekk tid til å lage før premiera, for dei er litt vonde å sjå på. Men er det fordi dei manglar The Friedrich Touch, eller er det fordi dei har den effekten dei er meint å skulle ha, eg vet ikkje. Men uttrykket ser ut som om det er ei etterlikning av Fredrik Floen, dei er kopiar av episke Fredrik Floen, og det er kanskje meininga, eg veit ikkje. Men det same skjer med fleire av kostymane på slutten av framsyninga. Dei er retningslause eller ikkje så spissa, og dei har ein slags trøytheit og det går det an å forstå, eg skjøner ikkje kven dei er, kven dei skal førestille, og det kjem nye karakterar i eit kjør.

Skodespelarane spring ut og skifter, og dei kjem inn igjen, og det finst meir tekst og fleir tekstilar som er designa og sydd og meint for dei kroppane som spring ut og kjem inn. Dei kjem inn på scena igjen og igjen, og dei blir enklare i snittet, dei er sekkar, jumpsuits, onepieces, laken, dei har kvalpar og dyremotiv, og det er lett å skjøne at dei må med for dei er så søte kvalpane, og det tar aldri slutt, aldri tar det slutt. Eg saknar dei seks romfararane i blendande vakre sølvfarga romfarardraktar som er heime på catwalk-scena, dei går sakte rundt i habitatet og leiter etter liv. Er det liv på Mars? Her er ikkje luft, og her er trongt i habitatet på podiet på catwalken. Dei er fanga på catwalken, som oss, i lag med gameshow-hosten i hawaii-skjorte, han som tar livet av seg i siste akt. Dei trør og trør i vatn i kvalmagen og er så nydelege å sjå på, ein kan kvile når ein ser på dei, små sølvhumler på himmelkvelvinga i sakte slow-mo. Ro ned, vi har nok tid, ta det med ro, slow down, Moses, ute i universet i magen på kvalen, i tronsalen i Trudvang.

Det siste epos. Foto: David Zadig. Scenografi, masker, kostymer: Fredrik Floen. Kostyme, scenografiassistent: Clara Nergårdh. Lysdesign: Ann-Marie Fritiofsson.

Og alle er dei ville og desperate og crazy i fire eller er det fem timar, og dette er det vakraste mest styggville det går an å lage med hender og hovud som spinn som faen for det trur eg det gjer hjå Fredrik Floen, det spinn og spinn, og vi elskar det for det er så nydeleg gjort alt. Og Cry me a river, syng dei, syng vi.

Og tårene renn og svetten renn og eg trur at den einaste gongen nokon får ny sminke er i skifta kor karakteren Simone Weil skal inn på scena. Ho kjem inn frå bak sceneteppet og har knall raud torsketrut. Ho ser ut som eit sminka «blackface», berre at ho er kvit ho er ein «whiteface» med raud leppestift over halve fjeset og det er nok meininga.

Simone Weil er ein av få karakterar som kjem inn på scena kledd i eit kostyme som minner om eit stilkostyme, men som ikkje er det. Kostymet er i ein slags etterapa naturalisme, ho har ein frakk, ein trenchcoat. Ho er ein detektiv i underverda, i åndeverda, med trenchcoat og stor krøllete parykk og store briller og sko med hælar og belte i livet. Nei, no veit eg, ho ser ut som jødiske ortodokse kvinner: Dei har parykk med skaut over, og er pakka inn i klede. Det er det ho er, ho er jødiske Simone W som «gick omkring i gräset hela sommaren og tenkte på Gud» og så konverterte ho til katolisismen.

Den verkelege Simone Weil levde i ei tid som ikkje forstod henne. Ho døydde ung av tuberkulose, ho var ein superhelt som ingen veit om. Ein gløymt superhelt som forstod det lenge før Greta T vart fødd, at vårt største problem er rotløyse, og rotløysa kjem av falske ideal som igjen er ideal som materialismen og kapitalismen har påtvunge menneska, og sjå på oss no.

Weil meinte at forpliktelsar er det eineste bindande for menneska. Og eg tenker på Stina Kajaso, den eine av dei to sønene i det norsk-svenske kompaniet «Sons of Liberty». For karakteren Antigone kjem inn på scena og ho minner sånn om Stina Kajaso. Eg hugsar henne i «God Hates Scandinavia», ho skreik, ho trua med å «rævpul dæ me piasavakosten». Det kunne ha vore henne, Antigone i eposet er henne. Ho svømmer som ei vilkvinne i månader og år, og tekst strøymer, den flømer ut av kjeften på henne og ho svømmer vidare. Ho krålar seg veg gjennom teksten, ho trossar amfetamin-sirener og havguden OceanMaster som er sta, og heilt umogleg å snakke med og som trur at det er ho som er den skuldige, at det er henne vi kan stille til ansvar.

Men ho gjer seg ikkje, ho gjer seg aldri, og vi heier på henne for ho gjer seg faen ikkje. Ho er Rose, namnesøstera til mora i Illinois. Ho som er oppkalla etter ein katolsk rosenkrans og mor til Gina Hechinger, ho som jobbar på ein bulldoserfabrikk, men som er kunstnar i hjartet og som skriv vidunderlege Haiku-dikt som vi får med oss i handa. Vi, folket.

Ho er Rose, kjærasten til Jack, gjenoppstått frå ishavet under Titanic. Ho er Greta T, ho er ei dame som for faen aldri gjer seg, ikkje faen. Ho er som vanvittige vidunderlege Stina Kajaso. Ei av dei største svorske scenekunstnarane og performarane på den norske teaterscena på 00-talet, som aldri fekk ein Hedda i handa, men som kjøpte seg eit gårdsbruk og flytta til den svenske landsbygda. Det er der vi ender.

Det er slik det går med oss. Vi held ikkje ut om ikkje ein gong basisfinansieringsordninga råkar oss ei lita tid, og det ikkje kjem kunstarstipend når ein treng det som mest og ein ikkje har foreldre som betalar. Vi held det ikkje ut, vi blir slitne, det finst ikkje pengar, for kven vil betale, og om Kulturrådet vil betale, ei stund, kven held det ut meir enn kanskje 10 år. For plutseleg vil dei ikkje betale, og har du ikkje funne deg ein produsent som kan skrive søknader for deg så blir det for hardt. Og i alle høve blir det for hardt om du vil skaffe deg ein plass å bu, og det kostar fordi du ikkje har foreldre i Trondheim eller på Klett eller i Sandnes som kjøper leiligheten til deg i Oslo, for det er jo der det skjer, og seier at det er forskudd på arv.

Har du ikkje garantistar eller arv, så har du ikkje hus, og har du ikkje hus kan du ikkje jobbe, og har du ikkje jobb kan du jobbe likevel, men framsyninga du har laga er avleggs, det er ikkje aktuelt lenger, og kven får pengane då når det du lagar ikkje lenger er aktuelt, ikkje fell i smak.

Det er nokon andre enn deg som får pengane denne gongen og den neste, og no er du gløymt. Og kva skal du gjere med scenografien som ligg lagra på den fuktige låven, skal den få ligge nokre år til? Snart muglar den, skal tru om Kulturrådet vil ha den, ein kan vel alltids ta ein telefon kanskje.

Og det går jo an å ta ein phd så klart, alle gjer jo det. Ein artistic research-phd er jo den nye master-graden, så det går jo an. Ja, kvifor ikkje, om du vil ha ungar som andre folk kan jo permisjonen frå phd-programmet gje deg fødselspengar, og så går det enda nokre år, og du har jo overlevd så langt og kor mange ungar var det Erna sa vi skulle føde?

Men i mellomtida får bygda du bur i besøk av Turteatern og Fredrik Floen og Lilith som fortel at «unga kvinnors lengtan dekker åsarna», men du har utsikt og innsikt frå Verketårnet og Ru & Na kjem i «renessansklänningen» og visar deg vegen til Portalen, og Verketårnet lyser trufast som ei fyrlykt på det svarte havet.

Turteatern kjem til eit bygdehus eit forsamlingshus nær deg, og dei ber deg halde ut litt til, dei ber deg bli med på ei vanvittig reise, og det gjer du så gjerne for no er det dei som får pengane en stund. Og vi unner dei det så gjerne vi andre kan lage barn og skrive om det vi ser og det vi luktar og gifte oss til pengar kanskje, og ei god oppleving forlenger livet.

Takk for reisa, takk for kreftene og energien, takk for kostymane og alle skifta, takk for dagar og netter, takk for timane, takk for musikken og dansen og orda og alle overraskingane, takk for koreografien og scenografien og energien, takk for eventyret, takk for eposet, takk for kunsten, takk for alt.

No wages to earn

So my tools will gather dust

Will my hands forget?[1]

 

[1] Haiku-dikt frå samlinga FACTORY HAIKUS av Gina Hechinger. Frå framsyninga Vi, folket av Klouman Høiner/Becker/Vatne Barrat Due

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER