Foto: Daniel Sandvik/Unsplash

100 millionar kroner meir til kultur

Når den nye regjeringa i dag legg fram ein tilleggsproposisjon til statsbudsjettet er det satt av 100 millionar kroner meir til kultur. Dette melder Kulturdepartementet i ei pressemelding.

I tillegg til full momskompensasjon for frivillige organisasjonar foreslår regjeringa at det gå 100 millionar kroner til kultur. 59 millionar skal gå til å styrke kunstnarøkonomien.

100 millionar kroner er fordelte på kulturbudsjettet følgande måte:

59 millionar kroner til å styrke kunstnarøkonomien

  • 33,2 millionar kroner fordelt på 100 nye kunstnarstipend
  • 20 millionar kroner til Norsk kulturfond. 10 millionar går til ordninga for musikkfestivalar og 10 til ordninga for turné- og verksemdstilskot for musikarar, artistar og band.
  • 4 millionar til etablerte scenekunstkompani
  • 1,8 millionar kroner til Fond for lyd og bilde

15 millionar kroner ekstra til film

  • 8 millionar kroner til filmfondet
  • 5 millionar kroner til Bygdekinoen
  • 2 millionar kroner til Samisk filminstitutt (ISFI)

11 millionar ekstra til likestilling

  • 5 millionar til likestillingssentra
  • 2 millionar kroner til likestillingsorganisasjonar
  • 2 millionar til LHBTIQ-organisasjonar
  • 2 millionar kroner til eit mannsutval

10 millionar ekstra til journalistikk

  • 8 millionar kroner ekstra i mediestøtte til lokalaviser
  • 2 millionar kroner til Senter for undersøkende journalistikk

5 millionar kroner til markeringa av 1000-års jubileet på Stiklestad i 2030

  • 2 millionar kroner til Stiklestad nasjonale kultursenter. Regjeringa ønskjer at SNK får ei nasjonal rolle i jubileet.
  • 3 millionar til jubileumstiltak i samband med 1000-års jubileet fram mot 2030

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER