Kommunikasjons- medarbeidar - BIT Teatergarasjen

Søknadsfrist:
3.9.2017

Vi lyser no ut ei 80% mellombels stilling som medarbeidar i kommunikasjonsavdelinga. Stillinga er knytt til prosjektet APAP – Performing Europe 2020, som er støtta av kulturprogammet til EU og varar til juni 2020.

Arbeidsoppgåver
– generelt kommunikasjonsarbeid
– publisering og redigering av innhald i sosiale media (tekst, video og bilete)
– oppsøkande formidlingsverksemd og relasjonsbygging
– arbeid retta mot publikumsutvikling, generelt og spesielt retta mot barn og unge
– produsere formidlingsopplegg knytt til produksjonar
– handsaming av billettsystem
– utvikling av nye tiltak for styrking av kommunikasjonsavdelinga
– ta del i og ivareta fortløpande oppgåver i avdelinga

Stillinga krev at ein er innstilt på periodar med større arbeidsmengder rund festival og andre store prosjekt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer deg som:
– har høgare relevant utdanning eller tilsvarande realkompetanse innan kunstfeltet, formidling, kommunikasjon, medievitskap eller tilsvarande
– har god skriftleg og munnleg framstillingsemne på eit skandinavisk språk og på engelsk. Kjennskap til eit tredje språk er ein fordel
– har emne til å gjennomføre og vidareutvikle formidlingstiltak
– har god kunnskap om sosiale media, erfaring med publisering på nett og god evne til å tileigne deg nye system
– pedagogisk kompetanse er eit pluss

Personar med minoritetsbakgrunn vert oppfordra til å søke

Vi vektlegg at du:
– er omstillingsdyktig med gode samarbeidsemne
– viser initiativ og er sjølvgåande
– har utfyllande kompetanse til den øvrige staben
– klarar å halde i mange prosjekt samstundes

BIT Teatergarasjen tilbyr
– Ei 80% prosjektstilling som kommunikasjonsmedarbeidar i perioden oktober 2017 ± juni 2020.
– Eit spennande arbeidsmiljø og sjansen til å vere med å utforme eigen arbeidskvardag.
– Lønn etter avtale.

Praktisk

Send din søknad med CV til andreas@bit-teatergarasjen.no innan 3. september.

Kontaktperson ved spørsmål: Kommunikasjonsansvarlig Andreas Langenes 55 23 22 35 | andreas@bit-teatergarasjen.no | ragnhild@bit-teatergarasjen.no

Om arbeidsgiveren
BIT Teatergarasjen er eit av dei fremste programmerande teatera i Noreg. Teateret co-produserer og presenterer norsk og internasjonal scenekunst og legg særskild vekt på prosjekt som stimulerer til internasjonalt samarbeid og arbeid på tvers av kunstneriske sjangrar.

Frist: 03.09.2017

Varighet: Engasjement

SISTE SAKER