Planleggjar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
4.2.2022

 

Har du ein teft for detaljar og er ein god koordinator? Er du god på å sjå samanhengar og å finne løysingar? Trivst du med å ha mange ballar i lufta og lande dei i eit system?

Det Norske Teatret søkjer etter ein planleggjar i fast stilling som vil ha ein nøkkelfunksjon i arbeidet med å utarbeide spele- og produksjonsplanar. Dette blir gjort i tett samarbeid med teatersjefen, eiga avdeling og andre avdelingar på huset.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Planleggjaren vil ha ansvar for planlegging og administrasjon av prøvelokale og produksjonar, samt administrative oppgåver som sikrar god informasjonsflyt. Stillinga inngår i produksjon- og planavdelinga på teateret.

Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring

  • Høgare relevant utdanning og/eller erfaring frå liknande arbeid
  • God kjennskap til teaterproduksjon
  • God systemforståing og IKT-kunnskap er eit krav. Relevant erfaring frå TimeWise eller andre plan- og/eller produksjonssystem vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, nøyaktig og med stor gjennomføringsevne
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Ansvarsfull og påliteleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Arbeidstida er dagtid, 37,5 timars veke. Tiltreding etter avtale.

SØK HER.

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Espen Gravklev, produksjon- og plansjef
espen.gravklev@detnorsketeatret.no
Telefon: 22473860 eller 486 06 025

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER