Sceneteknikar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
7.12.2021

Det er ledig ei fast stilling som Sceneteknikar.

Vi søker etter eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Montering, oppsetjing og avvikling av teaterets produksjonar.

Utdanning og erfaring

  • Teknisk bakgrunn eller fagbrev som handverkar
  • Erfaring frå teater- og scenekunstfeltet er ein fordel.
  • Førarkort og truckførarbevis er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Har god forståing for heilskapen innan det teatertekniske området.
  • Er initiativrik, kreativ og sjølvstendig.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Er serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Sceneteknisk avdeling arbeider i skift, og du må rekne med kvelds- og helgearbeid. Arbeidsstaden kan variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater i Oslo eller på turné.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

Erlend Olaisen
Fagavdelingsleiar
E-post: erlend.olaisen@detnorsketeatret.no
Mobil: 477 54 358

Søknadsskjema finner du her.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER