Teaterteknikar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
3.12.2021

I samband med Rommen-satsinga har vi ledig ei fast stilling som Teaterteknikar.

Vi søker etter eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Teknikaren utfører alle tekniske oppgåver i produksjonane. I tillegg til å operere lysbord (ETC) og arbeide generelt med det lystekniske, skal du fungere som sceneteknikar, rekvisitør, lydteknikar osb. Du kan få ansvar for å setje lys på nokre av produksjonane. Du vil delta aktivt med skaping av nye produksjonar i tillegg til avvikling og tilrettelegging av teateret sine framsyningar i repertoar. Lyd, lys og video vert avvikla frå QLab og ETC EOS.

Utdanning og erfaring

  • Brei erfaring frå teater- og scenekunstfeltet.
  • God og relevant utdanning og/eller erfaring innanfor felta lys, lyd, scene og video.
  • God datakunnskap, medrekna kjennskap til Qlab og ETC.
  • Førarkort og truckførarbevis er ønskeleg.

Personlege eigenskapar

  • Har god forståing for heilskapen innan det teatertekniske området og ser verdien av sjangeroverskridande og grensesprengande arbeid.
  • Er initiativrik, kreativ og sjølvstendig.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Er serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Arbeidsstaden for teaterteknikaren vil variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater i Oslo og på turné. Teaterteknikaren er i utgangspunktet tenkt til Rommen scene.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Søknadsskjema finner du her.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

Eigil Aasen, fagavdelingsleiar
eigil.aasen@detnorsketeatret.no

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER