Vikariat i publikumsservice - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
1.10.2021

Det er ledig tre vikariat i Publikumsservice

Det Norske Teatret har ledig eitt vikariat i 40 % og to vikariat i 20 % som publikumsvert fram til 31. mai 2022.

Arbeidsoppgåver

  • Vere tilgjengeleg for publikum i foajéområdet
  • Inn- og utslepp av publikum ved framsyningar
  • Vere tilgjengeleg i salen under framsyningar

Vi søker deg som

  • Er serviceorientert og imøtekommande
  • Er strukturert, praktisk og sjølvstendig
  • Er fleksibel i høve til arbeidstid

Arbeidstida er stort sett på kveldstid og i helgane når vi viser framsyningane våre. I 40% stilling vil dette utgjere 14 timar i veka. I 20% stilling vil arbeidsmengda vere omkring to vakter på til saman 7 timar i veka. Oppstart etter avtale.

Vi tilbyr

  • Ein spanande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Martina Ferdér, martina.ferder@detnorsketeatret.no

Søknadsskjema finner du her.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teaterhus. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre. Vi har 235 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER