Arrangementsvert for Bikubekveld - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
24.9.2021

 

Det er tre ledige engasjement som Arrangementsvert for Bikubekveld til sesongen 2021/2022.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Ta imot og vere kontaktperson for artistane frå lydsjekk til avslutta konsert
  • Hjelpe artistane med praktiske oppgåver dersom behov
  • Vere bindeledd mellom artist, vertskap og servering (Kafé Løve)

Vi søker deg som:

  • Er serviceorientert og imøtekommande
  • Er strukturert, praktisk og sjølvstendig
  • Er fleksibel i høve til arbeidstid og arbeidsoppgåver

Bikubekveld blir arrangert i foajéen fredagar frå medio september til medio desember og medio februar til medio mai. Arrangementet startar etter at kveldens framsyningar på scenane våre er ferdig, seinast kl. 23 og varer omtrent ein time. Vakta startar på ettermiddagstid og du må vere til stades til arrangementet er slutt. Dette vil variere ut ifrå teaterets andre arrangement den aktuelle kvelden og du vil jobbe ca. kvar tredje fredag i desse periodane.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

For spørsmål om stillinga, kontakt Martina Ferdér: martina.ferder@detnorsketeatret.no.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teaterhus. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre. Vi har 235 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER