Teknisk sjef - Teater Vestland

Søknadsfrist:
1.10.2021

 

Vår dyktige tekniske leiar har gått over i ei ny og spennande stilling ved Teater Vestland. Difor skal vi no tilsette ny teknisk sjef ved teateret.

ANSVAR OG OPPGÅVER

Den tekniske sjefen vår har ansvar for planlegging, organisering og framdrift av produksjonane på teateret. Dette gjeld spesielt organisering av ressursar og tidsfristar som er nødvendige for å ha god framdrift i prosessen fram mot premierar, dagleg oppfølging av verkstader og leiaransvar for dei tilsette på verkstadene.

Vår tekniske sjef har:

  • Leiar- og personalansvar for dei tilsette på tekniske avdelingar
  • Det overordna ansvaret for den tekniske gjennomføringa av eit teaterstykke frå prøvestart til etter fullført turné og eventuell lagring eller kassering
  • Dagleg oppfølging av verkstader
  • Teknisk oppfølging av prøver og framsyningar
  • Eit overordna ansvar for drift av scene og scenerigg, samt laust teknisk utstyr

UTDANNING OG KVALIFIKASJONAR

På eit turnerande teater med høg aktivitet treng vi ein teknisk sjef med eit breitt spekter av kvalifikasjonar. Teater Vestland søker etter ein person som er strukturert og resultatorientert. Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du er god til å samarbeide med andre og leie team. Du har god kjennskap til dataverktøy.

Vi ønsker også:

  • Relevant utdanning og god teknisk innsikt
  • Teknisk arbeidserfaring frå kulturlivet, helst ved eit teater eller tilsvarande arbeidsplass
  • Erfaring med personalleiing og leiaransvar
  • Erfaring med budsjettering innanfor eige ansvarsområde

Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast, både i Førde og ute på turné.

Vi tilbyr ein utfordrande og allsidig jobb med gode utviklingsmoglegheiter i eit særs triveleg og kreativt arbeidsmiljø, og dessutan gunstige ferie- og pensjonsordningar.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt, mobil 991 59 124

Teater Vestland ønsker å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og utnyttar potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Teateret er underlagt offentleglova.

Om arbeidsgiveren
Teater Vestland har turnert sidan 1977 under namnet Sogn og Fjordane Teater. Etter fylkessamanslåinga i 2020?utvida vi turneområdet?til heile Vestland fylke, og teateret fekk nytt namn. Visjonen til Teater Vestland er som den alltid har vore:?”Vi skal røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før”. Gjennom å vere modige, engasjerte og inkluderande skal vi fortelje historier og gi scenekunst av høg kvalitet til publikum.?Teater Vestland har fast scene i Førde med produksjonslokale og administrasjon.?I 2023?flyttar teateret inn i nybygget Nynorskhuset?i Førde.?Teateret er eit produserande og turnerande teater og nyttar nynorsk målform og vestnorske?målføre som scenespråk.

https://teatervestland.no/

SISTE SAKER