Rekvisitør - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
11.4.2021

 

Frå hausten 2021 har vi ledig ei fast stilling som rekvisitør.

Hovudoppgåver

Kjerneoppgåvene til rekvisitørane på Det Norske Teatret er å skaffe og handtere rekvisittar til produksjonane, både på prøvar og under framsyningar. Som rekvisitør vil du jobbe fram nye produksjonar innanfor vedtekne rammer og i tråd med dei kunstnarlege planane til instruktør og scenograf, og du vil jobbe med avviklinga av framsyningane. Vedlikehald og reperasjonar av rekvisittar og møblar inngår i oppgåvene. Du må ha eit ryddig hovud og evne til å skaffe deg oversyn, da lagerstyring og er ein stor del av arbeidet.

Utdanning og erfaring

Vi ser etter deg med erfaring frå teater, opera, film eller TV. Du bør og ha utdanning innan teater- eller filmproduksjon, eller innan kunst- eller handverksfag. Brei og relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning. Gode datakunnskapar og erfaring med Photoshop og andre Adobe-program vil vekte positivt. Om du i tillegg er ein kompetent rekvisittmakar er det ein fordel, men ikkje eit krav. I periodar kan det vere aktuelt å samarbeide med rekvisittmakaren vår i arbeidet hans. Det er naudsynt med førarkort klasse B.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein løysingsorientert person med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og som trivst i ein hektisk arbeidskvardag. Du må vere praktisk samtidig som du er kreativ og har auge for det estetiske. Du arbeider sjølvstendig og målretta, og kanskje blir du motivert av å løyse tilsynelatande umoglege oppgåver? Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

Ein spanande og utfordrande jobb med moglegheit for fagleg utvikling, og stor tilgang til kunstnarlege opplevingar, i eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidstida vil variere, med både dag-, kvelds- og helgearbeid. Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke. Ønskt oppstart i august, løn etter gjeldande tariff.

Søknadsskjema finner du her.

Spørsmål om stillinga
Helen Hazeland
Fagavdelingsleiar
helen.hazeland@detnorsketeatret.no
22473868

Om Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.

 

SISTE SAKER