Produksjonskoordinator/ prosjektleiar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
14.3.2021

Det er ledig eit års vikariat med oppstart i mai.

Ansvarsområde
Som produksjonskoordinator/prosjektleiar er du ein del av produksjons- og planavdelinga, der hovudvekta av oppgåvene ligg i å planlegge og koordinere teaterproduksjonane. Alle i avdelinga har eigne ansvarsområde, og du vil ha plan- og koordineringsansvar for dei kunstnarlege foajéarrangementa våre, som Bikubekveld og Lunsj & Lyrikk, og vere prosjektleiar for enkeltståande prosjekt som prisutdelingar og jubileum. I avdelinga og som støttefunksjon for huset vil du vere superbrukar i planverktøyet som vi nyttar, som er Timewise.

Utdanning og erfaring
Du må ha relevant utdanning innan prosjektleiing/koordinering eller kulturadministrasjon. Relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning. Kjennskap til scenekunstproduksjon og scenekunsthus vil vere ein fordel. Det same er kunnskap til tariff og avtaleverk, og erfaring med å jobbe med i Timewise eller liknande plansystem.

Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert person med gode samarbeidsevner. Du må ha eit ryddig hovud, forstå konsekvensar av planlegginga, og kor viktig kvar detalj er i den store samanhengen. God datakunnskap er ein føresetnad.

Vi tilbyr
Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø og stor tilgang til kunstnarlege opplevingar.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Spørsmål om stillinga
Espen Gravkleiv
Produksjons- og plansjef
espen.gravklev@detnorsketeatret.no
22473860 – 48606025

Om Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER