Teaterteknikarar med lysteknisk spisskompetanse - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
3.8.2020

Det Norske Teatret har to ledige stillingar i teknisk avdeling. Ei fast stilling som teknikar på Rommen Scene, og eit årsvikariat som teknikar på Scene 3.

Arbeidsoppgåver:

  • Teknikaren utfører alle tekniske oppgåver i produksjonane på Scene 3 og på Rommen Scene. I tillegg til å operere lysbord (ETC) og arbeide generelt med det lystekniske, skal du fungere som lydteknikar, sceneteknikar, rekvisitør osb.
  • Du får òg ansvar for å setje lys på nokre av produksjonane på Scene 3 og Rommen, i tillegg til å utføre ulike oppgåver som t.d. vedlikehald, reparasjon og reinhald av teknisk utstyr.
  • Som teaterteknikar på Scene 3 og på Rommen scene har du inspisientfunksjon under framsyningane. Lyd, lys og video blir avvikla via QLab.
  • Scene 3 har eigne rammer når det gjeld omfang av teknikk og dekor. Rommen scene har sidan januar 2019 vore Det Norske Teatret sin fjerde spelescene, og han ligg på Rommen skole og Kultursenter i Groruddalen.

Vi søker deg som:

  • har brei røynsle frå teater- og scenekunstfeltet
  • god og relevant erfaring innanfor felta lys, lyd, scene og video
  • har god forståing for heilskapen innan det teatertekniske området og ser verdien av sjangeroverskridande og grensesprengande arbeid
  • er initiativrik, kreativ og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • er serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr:

  • eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med utfordrande og varierte oppgåver.
  • Lønn og pensjon etter avtale, scenekunst i rikt monn.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Tiltreding etter avtale eller så snart som mogleg. Skriv i søknadsbrevet om du ønsker å søke begge stillingane.

Søknadsskjema finner du her.

Spørsmål om stillinga
Eigil Aasen
Fagavdelingsleiar
eigil.aasen@detnorsketeatret.no
22473865
98098599

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

http://detnorsketeatret.no/

 

SISTE SAKER