Maskør- og parykkmakarar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
3.8.2020

Det Norske Teatret har fire ledige stillingar på Maskeavdelinga: to faste og to vikariat. Vikariata tar til 1. november. Det eine går til 1. april, det andre til 20. juni 2021. Vikariata kan bli forlenga.

Vi søker deg som

  • har fagbrev/bachelor som maskør- og parykkmakar, eller tilsvarande
  • har røynsle frå teater, opera, film eller TV
  • hr initiativrik, kreativ og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • er serviceinnstilt og fleksibel

Hovudoppgåver

  • Vere med og skape produksjonar i tråd med dei kunstnarlege visjonane innanfor vedtekne rammer
  • Avvikle framsyningar

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • eit triveleg og kreativt arbeidsmiljø
  • fagleg utvikling
  • lønn og pensjon etter avtale

Arbeidstida vil variere, og du må vere innstilt på helgearbeid. Skriv i søknadsbrevet om du ønsker å søke både fast stilling og vikariat.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Spørsmål om stillinga
Tonje Lie
Fagavdelingsleiar
tonje.lie@detnorsketeatret.no
22473856
97781009

Søknadskjema finner du her.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

http://detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER