Direktør - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
4.10.2019

Spennande stilling ved landets viktigaste teater

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.

Teatret spelar på tre faste scenar og på Rommen scene i Groruddalen.

Vår noverande direktør har fått ny jobb, og vi skal finne den rette personen til å ta over etter ho.

Direktøren skal vere med å utvikle og drifte teateret i tett samarbeid med teatersjefen. Du vil få ansvar for administrasjon og økonomi, teknikk, produksjon, marknad og kommunikasjon, og personalansvaret for dei tilsette på desse områda. Vidare får du ansvaret for drift av eigedomen Direktøren rapporterer direkte til styret på sine ansvarsområde.

Vi ser etter ein person som har leiarerfaring, gjerne frå kulturverksemd, og som har god forståing for eigenarten og samfunnsrolla til teateret. Du må ha erfaring innan økonomi og administrasjon, dokumentert evne til å planlegge over tid, og stor kraft til å gjennomføre planar. Stillinga krev relevant høgare utdanning.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Det Norske Teatret er ein viktig nynorskinstitusjon, og du må kunne arbeide godt med nynorsk som arbeidsspråk. Lønn etter avtale.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos styreleiar Nina Refseth, telefon 41600701 eller hos rådgivaren vår i BackerSkeie, Ann-Kristin Nyrønning, tel. 92085397.

Skriftleg søknad med CV skal sendast til:

https://candidate.hr-manager.net/ApplicationForm/SinglePageApplicationForm.aspx?cid=1258&departmentId=18957&ProjectId=143598

så snart som råd og seinast innan 4. oktober 2019. Du finn annonsen med link på Heimesida til DNT og Finn.no

 

SISTE SAKER