Lydteknikar - Hordaland Teater

Søknadsfrist:
1.10.2019

Hordaland Teater (frå 1.10. Det Vestnorske Teateret) er eit regionteater som spelar i Bergen og resten av Vestland. Teateret søkjer å nå publikum i alle aldrar med gode og meiningsfulle teateropplevingar. Hordaland Teater har fast scene midt i Bergen sentrum (Logen). Vi driv også «kulturinstitusjonen» Logen Bar, ein arena for teater, musikk, møter og litterære opplevingar. Teateret er inne i ein ombyggingsprosess, venta ferdig i 2023.

Vi ønskjer styrke teknisk stab og søkjer etter:

Lydteknikar i 100% engasjement ut juni 2020, med mogleg forlenging. Oppstart etter avtale.

Som lydteknikar jobbar du for å sikre at framsyningane blir gjennomførte på eit høgt teknisk nivå. Du deltek i utvikling av avdelinga, kjem med innspel og er pådrivar til lydtekniske investeringar, både i den daglege drifta og i samband med ombygginga. Du er ein stødig samarbeidspartnar for dei andre teknikarane ved teateret og du evner å arbeide på tvers av fagfelt for å nå felles mål.

Arbeidsoppgåver:

• Planleggje og gjennomføre lyd- og teaterteknisk arbeid knytt til prøver, framsyningar og turné
• Operatør av miksebord
• Ha spesielt fokus på optimalisering og kvalitetssikring av teateret sitt lydtekniske utstyr
• Ettersyn og vedlikehald av teknisk utstyr

Kvalifikasjonar:

• Utdanning frå fagområdet lyd/video er ønskjeleg. Erfaring kan erstatte formell utdanning.
• God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy
• Kjennskap til scenekunstproduksjon
• Beherske norsk munnleg og skriftleg
• Førarkort klasse B (føremon med C)

Du har/er:

• gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig
• ryddig og systematisk
• fleksibel og løysingsorientert
• god dose tolmod og eit smil på lur

Vi tilbyr:

• kreativt arbeid i lag med kollegaer og kunstnarleg team
• variable arbeidsoppgåver
• fleksibel arbeidstidsordning
• tariffesta løn- og pensjonsavtale

Send søknad med CV til stilling@hordalandteater.no innan 1.oktober.
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Eli Versto,
tlf: 900 10 598/ eli@hordalandteater.no

http://hordalandteater.no

SISTE SAKER