Dagleg leiar og produsent - FRIKAR

Søknadsfrist:
19.7.2019
FRIKAR lyser ut to stillingar som dagleg leiar og produsent i opptil 100% kvar i Valdres eller Oslo.
DL er ansvarleg for å skapa og gjennomføre strategiar ut frå visjonen og måla til FRIKAR.

  • Skapa strategiske samarbeid
  • Politisk arbeid for driftsstønad
  • Personalansvar for fem tilsatte
  • Budsjettansvar
  • Representasjon og sal

Vi ser etter gode evner i å

  • Samarbeide
  • Motivere
  • Problemløyse

Produsent er kreativ samarbeidspartnar med kunstnarleg leiar og ansvarleg for planleggjing, finansiering, gjennomføring og rapportering av produksjonane til FRIKAR.

  • Konseptsparring
  • Skrive søknader
  • Laga produksjonsbudsjett
  • Finne samarbeidspartnarar
  • Planleggjing
  • Økonomistyring
  • Rapportering
  • Sal

Vi ser etter gode evner i å

  • Planleggje
  • Kommunisere
  • Problemløyse

FRIKAR har sidan 2006 tenkt annleis og tverrfagleg i dans, mottatt internasjonale prisar og gode kritikkar, og nådd 400.000 publikumarar i 35 land. Vi driv dansekompani, regionalt kompetansesenter, talentutvikling og arrangement. Vil du bidra til å ta oss eit spenstig steg vidare? Send CV og motivasjonsbrev innan 19. juli til art@frikar.com

Vi tilbyr spennande, kreativt og utviklande arbeid lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Lønsnivå på 4-600.000 kr avhengig av kompetanse og ansvar. Kontor i FRIKAR-SMIA i Valdres eller Sentralen i Oslo.

Frist: 19.07.2019
Varighet: Fast

Om arbeidsgiveren

FRIKAR vart oppretta i 2006 og vart aksjeselskapet Leug 2011. Har 5 administrative og 25 fast tilknytte kunstnarar

http://frikar.com/

SISTE SAKER