Førsteamanuensis II (20 %) innanfor fagområdet komposisjon / Griegakademiet UiB

Søknadsfrist:
28.2.2019

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei bistilling (20 %) for fire år som førsteamanuensis II innanfor fagområdet komposisjon. Tilsetjing er ønskt frå 01.08.2019.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til stillinga ligg undervisningsoppgåver knytt til studieretninga komposisjon innanfor studieprogrammet BA i utøvande musikk eller komposisjon, og til masterprogrammet i utøvande musikk, eventuelt ph.d. rettleiing. Den som vert tilsett vil gje individuell undervisning i hovuddisiplin komposisjon, samt gruppeundervisning innan fagområdet. Undervisningsoppgaver knytt til samtidsmusikk og komposisjonsteknikkar for utøvarar kan og bli aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ph.d.-grad i komposisjon, eller dokumentert kompetanse som førsteamanuensis innan fagområdet.
  • Dokumentert kunstnarleg arbeid eller utviklingsarbeid på høyt internasjonalt nivå som komponist.
  • Kompetanse innan musikkteknologi og/eller musikkanalyse, tverrfaglig kompetanse (som dokumentert av publikasjoner, forelesninger osb).
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjarens utdanning og undervisings-/rettleiingsrøynsle.
  • Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil måtte halde prøveundervisning for stab og studentar ved instituttet.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Evne til å undervise individuelt og i grupper, i komposisjon, elektroakustisk komposisjon og musikkanalyse (20. og 21. årh. musikk). Det blir fokusert på forskningsbasert kunstmusikk-komposisjon på bachelor- og masternivå.
  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Perspektiv på høgare kunstutdanning og erfaring frå undervisning på universitetsnivå
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Det er og sterkt ynskjeleg at den som vert tilsett kan tilby kontinuerleg undervisning.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønssteg 64 – 72 (lønsramme 24:8, kr. 456.900 – 565.500 i fulltidsstilling). For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV med oversikt over kunstnarleg produksjon
  • Vitnemål og attestar
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som førsteamanuensis
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 – 55 58 69 79.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet  og tilhøyrande institutt .

Søknadsskjema.

 

SISTE SAKER