Førsteamanuensis/ universitetslektor (20 %) i direksjon - Griegakademiet UiB

Søknadsfrist:
28.2.2019

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor (20 %) i direksjon

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/universitetslektor i utøvande musikk, direksjon i 20 %. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2019.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis/universitetslektor til undervisning i dirigering/ensembleleiing på bachelornivå. Fagmiljøet treng ein fagperson med kompetanse innan dirigering, der undervisningsoppgåvene fyrst og fremst ligg innanfor korpsområdet. Den tilsette vert i tillegg gjeve undervisningsoppgåver innan grunnleggjande direksjonsteknikkar, uavhengig av ensembletypar. Det er ønskjeleg at den tilsette kan drive og dirigere større utøvande orkester-/ensembleprosjekt ved instituttet.

Undervisninga kan omfatte valbare og obligatoriske emner i ensembleleiing/dirigering på våre studietilbod (Bachelorprogram og etter-/vidareutdanning) innan utøvande musikk.(Kort punktvis beskriving med presisering av fagkrins, arbeids- og ansvarsområde)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • For stilling som førsteamanuensis: Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid som dirigent på høgt internasjonalt nivå.
  • For stilling som universitetslektor: Dokumentert anerkjent kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid som dirigent av eit visst omfang.
  • For begge stillingar: Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning undervisning og rettleiing.
  • Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil måtte halde prøveundervisning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Perspektiv på høgare kunstutdanning og erfaring frå undervisning på universitetsnivå
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønnssteg 64 – 72 (lønsramme 24:8, med løn kr. 565.500 – 658.300 brutto i året i fulltidsstilling) eller stilling som universitetslektor (kode 1009) i lønnssteg 52 – 64 (lønsramme 25:6, med løn kr. 456.900 – 565.500). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
  • Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 – 55 58 73 00.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet  og tilhøyrande institutt

Søknadsskjema.

SISTE SAKER