Førsteamanuensis/ universitetslektor (20 %) i jazz / Griegakademiet UiB

Søknadsfrist:
28.2.2019

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor (20 %) i jazz

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei midlertidig stilling som førsteamanuensis/universitetslektor i utøvande musikk, jazzinstrumentalist, fortrinnsvis messingblåsar, i 20%. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2020-31.juli 2022.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis/universitetslektor som kan ta ansvar for gjennomføring av rekrutteringsprosjekt for unge kvinnelige instrumentalistar som ynskjer å søkje opptak til studieretning jazz, samt til ordinære undervisningsoppgåver knytt til instrumentalundervisning og sampelsundervisning i jazz på BA og MA nivå. Undervisning vil i hovudsak omfatte arbeid med hovudinstrument og ensemblespill innan jazz studieretning og ev bi-instrument på andre av våre studietilbod. Fagmiljøet treng ein instrumentalist med høg kunstnarleg kompetanse, med stort engasjement og relevant erfaring for å kunne bidra til likestillingsprosjektet som er satt i gang.

Jazz er ved Griegakademiet definert som ein samspelsorientert studieretning innan studieprogrammet Utøvande musikk eller komposisjon. Det er 25 studentar og 6 faste tilsette knytt til studieretninga. Kjønnsbalansen både blant studentar og tilsette er svært skeiv, noko instituttet ynskjer å endre mellom anna med likestillingsprosjektet som er initiert.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • For stilling som førsteamanuensis: Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid som utøvar på høgt internasjonalt nivå.
  • For stilling som universitetslektor: Dokumentert anerkjent kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid som utøvar av eit visst omfang.
  • For begge stillingar: Dokumentert relevant praktisk erfaring med likestillingsarbeid og/eller arbeid med kursverksemd eller prosjekt med unge kvinnelige instrumentalistar innan fagområdet.
  • For begge stillingar: Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
  • Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe og vil måtte halde prøveundervisning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Perspektiv på høgare kunstutdanning og erfaring frå undervisning på universitetsnivå
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønssteg 64 – 72 (kr. 565.500 – 658.300 brutto i året i fulltidsstilling, lønsramme 24:8) eller stilling som universitetslektor (kode 1009) i lønssteg 52 – 64 (kr. 456.900 – 565.500, lønsramme 25:6). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
  • Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 – 55 58 73 00.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Søknadsskjema.

SISTE SAKER