Førsteamanuensis i utøvande musikk - song / Griegakademiet UiB

Søknadsfrist:
28.2.2019

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet  og tilhøyrande institutt. 

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis (100%) i utøvande musikk – song i fireårig åremål. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2019.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søker ein førsteamanuensis til forskingsoppgåver, undervisning i song på BA- og MA studieprogram i utøvande musikk eller komposisjon, og rettleiing på ph.d. nivå. Fagmiljøet vil tilknytte seg ein fagperson med kompetanse innan solistisk utøving, kammermusikk- og scenisk erfaring, og med brei sjanger- og repertoarerfaring. Vi ynskjer ein fagperson som kan bidra til å vidareutvikle kunstnarleg verksemd, kunstnarleg utviklingsarbeid, og undervisning i ein breitt orientert songseksjon.

Undervisninga vil primært verte knytt til studieretning for klassisk musikk, men den som vert tilsett bør og vere open for undervisningsoppgåver som inkluderar studentar frå andre studieretningar og studieprogram. Undervisning vil i hovudsak omfatte arbeid med hovudinstrument og eventuelt bi-instrument på våre studietilbod innan utøvande musikk samt innan ensemblespel/kammermusikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Dokumentert og aktiv kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå, solistisk og/eller som ensemblesongar
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning og rettleiing.
  • Det er viktig at søkarane har erfaring med utvikling av unge stemmer og viser god forståing for stemmens anatomi/stemmepleie, språk, diksjon og prestajonsførebuing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveundervisning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og vilje til å utforske varierte undervisningsformer og samarbeid på tvers av disiplinar
  • Gode samarbeidsevner med vekt på delingskultur og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Perspektiv på høgare kunstutdanning og erfaring frå undervisning på universitetsnivå
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønnssteg 64 – 72 (lønsramme 24:8, med løn kr. 565.500 – 658.300 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
  • Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 – 55 58 73 00/. + 47 97514878.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Søknadsskjema.

SISTE SAKER