Danselærar - Kvinnherad kulturskule

Søknadsfrist:
15.10.2018

– vikariat 100 % frå 01.11.18-07.01.19

Vi søkjer:
Ein medarbeidar som:
– har kompetanse, evne og engasjement til å jobbe med våre danse-elevar.
– jan jobbe sjølvstendig, men også i samarbeid med andre lærarar i kulturskulen.
– ynskjer å medverke til utvikling av kulturskulen.
– er kreavtiv, entusiastisk og idèrik.

Arbeidsoppgåver
Gruppeundervisning i ballett, kalssisk og moderne dans for elevar i forskjellige aldersgrupper (frå 7 til 19 år).
Deltaking i kultuskulen sine prosjekt, førestillingar og personalmøter.

Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, samt relevant arbeidserfaring frå arbeid med barn og ungdom er ynskjeleg.
Søkjarar utan formell utdanning, men som har relevant arbeidserfaring eller bakgrunn kan bli vurderte.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju og praktisk prøve(prøveundervisning).

Personlege eigenskaper
Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
Er lærevillig og utviklingsorientert.
Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Generell god helse.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Søknadsskjema finner du her.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Kontakter
Kristine Maria Jacobsen Lund, undervisningsinspektør, e-post: kristine.maria.jacobsen.lund@kvinnherad.kommune.no
Mobil92486834 Arbeid92486834

Kirill Zimin, rektor/einingsleiar, e-post: kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no
Mobil45665892 Arbeid53483431

Søknadsfrist: 15.10.18

Om kommunen:
Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

SISTE SAKER